Bildøyna er ei øy mellom Sotra og Litlesotra som ligg i Øygarden kommune, vest for Bergen. Trass i at ho er lita samanlikna med naboøyane husar Bildøyna mellom anna Sotra vidaregåande skule, Fjell ungdomsskule, Bildøyhallen og Indremisjonsforbundet sin bibelskole, noko som gjer øya til ein viktig del av Fjell kommune.

Bildøyna
Naust på Bildøyna
Naust på Bildøyna
Geografi
Stad Sotra
Koordinatar 60°21′19″N 05°06′16″EKoordinatar: 60°21′19″N 05°06′16″E

Høgaste punkt Bykletten (56 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 675 (2023)

Den nordlege delen av Bildøyna er prega av fritidseigedomar, naust og ein del utmark. Sør for riksveg 555, som deler Bildøyna på tvers, har ein derimot samling av skular og idrettspark, samt bustadfeltet Søre Bildøy heilt på sørspissen av øya.

Bildøyna har òg gjeve namn til toppen Bildenuten (òg kalla Bildefjellet), 221 moh, som er ein del av fjellryggen som strekkjer seg på austsida av Sotra.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 1950[3] 2000[4] 2023[4]
28 44 67 664 675

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet
  3. Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. IV (Fjell kommune, 2008)
  4. 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå