Biletstein er ei arkeologisk nemning på reiste steinheller frå forhistorisk tid som er utstyrte med bilete laga som strekteikningar innhogd i steinen. Bileta har truleg vore fargelagte i si tid; fargar som no er å sjå på utstilte steinar, er av nyare dato. Biletsteiner er utan runeinnskrifter, då steiner med runeinnskrifter vanlegvis vert kalla runesteiner jamvel om dei har bilete som er meir iaugefallande enn runene.

Ardresteinen, den øvre parten av ein biletstein funne i Ardre kyrkje på Gotland. Øvst på steinen er guden Odin framstilt ridande på hesten Sleipner med dei åtte beina. Ei av scenene i biletet nedanfor kan syne den mytiske meistersmeden Volunds smie
Biletstein frå det raserte Hunnestadmonumentet i Skåne i Sverige

Øya Gotland i Austersjøen peikar seg ut som den staden i Norden der det finst biletsteiner. Her er dei funne i eit stort tal og tidfesta til perioden frå 700-talet til ut på 1000-talet e.Kr. Dei er hovudsakleg kalksteinheller, i nokre høve sandsteinheller, tilhogne i typiske, regelmessige former, og med bilete på den eine sida. Etter alt å døme har bileta på dei gotlandske steinene dels å gjere med generell germansk førkristen mytologi, dels med lokal førkristen mytologi og segner som særleg har vore knytt til folkegruppene på øya.

Annan bruk av ordet biletstein endre

Agalmatolitt, ein gråleg-kvit svakt gjennomskineleg bergart, vert òg ofte kalla biletstein av di denne blaute bergarten har vore mykje nytta i Kina som råstoff for gudestatuettar, vaser og anna.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur om gotlandske biletsteiner
  • Nylén, Erik & Jan Peder Lamm. 1987. Bildstenar. Stockholm: Gidlunds. ISBN 9178440874