Biologisk prosess

einkvan avgrensa prosess som er relevant for funksjonen til celler, cellevev, organ eller organismar

Biologiske prosessar er dei prosessane som krevst for å halde ein organisme i live. Biologiske prosessar er samansett av ei rekkje kjemiske reaksjonar og andre hendingar som fører til transformasjon.

Fermentering er ein biologisk prosess. Bobler av karbondioksid former eit skumlag på overflata av denne fermenteringsblandinga.

Regulering av biologiske prosessar førekjem der frekvensen, snøggleiken eller omfanget av ein prosess blir modulert. Dei kan regulerast på mange måtar, til dømes ved kontrollering av genuttrykk, modifisering av protein eller samhandling med ulike protein- og substratmolekyl.

  • Fysiologiske prosessar er prosessar som er kritiske for å oppretthalde funksjonen i levande einingar: celler, vev, organ, lemmer og organismar.
  • Forplanting
  • Fordøying
  • Respons til stimuli, uttrykt som ei endring i tilstanden eller aktiveten til ei celle hjå ein organisme, i form av mellom anna rørsle, sekresjon, enzymproduksjon og genuttrykk.
  • Samhandling mellom organismar er ein prosess der ein organisme har synleg innverknad på ein annan organisme av same eller ulik art.

Andre døme på biologiske prosessar er cellevekst, celledifferensiering, fermentering, fertilisering, spiring, tropisme, hybridisering, metamorfose, morfogenese, fotosyntese og transpirasjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.