Birger Martin Bergersen (fødd 25. juli 1891 i Kvæfjord, død 14. juli 1977) var ein norsk zoolog, diplomat og politikar (Arbeidarpartiet).

Birger Bergersen

Fødd25. juli 1891
Kvæfjord kommune
Død14. juli 1977
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, professor, zoolog, journalist, diplomat, anatom
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Han oppnådde lærareksamen (1915), cand.real. i zoologi ved Universitetet i Oslo (1925), og vart seinare professor i odontologi ved same universitet og hadde fleire studieturar i utlandet og dessutan Rockefellerstipend (1926–1927). Denne bakgrunnen gjorde at han vart vald inn i den norsk-russiske selfangstkommisjonen frå 1926 og formann i Kvalrådet 1936—54, og seinare president i Den internasjonalen kvalfangstkommisjonen 1947-53. Han var òg i styret til Sjøfartsmuseet frå 1928.

I perioden 1925-1947 var han tilsett ved Noregs Tannlegehøyskole, professor i anatomi frå 1932 og rektor frå 1939, avsett i 1942. Som byråkrat og diplomat var han i Forsyningsdepartementet i London (1942–45), før han arbeidd som sendemann (1946) og seinare ambassadør i Stockholm (1947–1953). Han var deretter Kyrkje- og undervisningsminister (1953–1960).

Bergersenfjella, Statsrådsbreen og Birgerhøgda i Dronning Maud Land er kalla opp etter han.

Kjelder endre