Birger Meidell

norsk politikar

Birger Øivind Meidell (4. februar 188229. januar 1958) var ein norsk matematikar og politikar frå Bergen. Sigurd Meidell var ein eldre bror.

Birger Meidell
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1882
Død

29. januar 1958 (75 år)

Yrke politikar
Politisk parti Nasjonal Samling

Meidell, som var son til ein skipperborgar, studerte i Hannover, Göttingen og Paris. Han arbeidde deretter som aktuar i mange år, busett i Bærum. I 1923 fekk han stilling ved Universitetet i Oslo som professor i trygdingsmatematikk, ein lærestol han hadde i 18 år. Etter at Noreg var okkupert av Tyskland i 1940 gjekk han 25. september 1940 inn i den fyrste Quisling-regjeringa og var sosialminister i eitt år. Seinare var han kommissarisk statsråd. Elles tida 1941-45 var han direktør for Norges Brannkasse.

I 1946 vart Meidell dømd til livsvarig tvangsarbeid for landssvik, men fekk nåde i 1949.

Kjelder endre