Birya

(Omdirigert frå Biriya)

Birya (בִּירִיָּה), òg skrive Biriya, er ein jordbrukslandsby nær Safed, Israel, under Merom HaGalil regionale kommune i Øvre Galilea.

Birya
בִּירִיָּה
landsby
Inngangen til Birya
Land  Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Merom HaGalil
Koordinatar 32°58′47.56″N 35°29′56.03″E / 32.9798778°N 35.4988972°E / 32.9798778; 35.4988972
Grunnlagd 1946
 •  Grunnlagd av Den religiøse Kibbutz-rørsla
Kart
Birya
32°58′48″N 35°29′56″E / 32.979877777778°N 35.498897222222°E / 32.979877777778; 35.498897222222
Kart som viser Birya.
Kart som viser Birya.
Kart som viser Birya.
Wikimedia Commons: Birya

Historie

endre

Byen Birya er nemnt i Talmud.[1]

I 1946 slo ei gruppe pionerar frå Den religiøse kibbutzrørsla seg ned på ein stad nær Biryaborga.[2] According to the Jewish National Fund,[3]

I følgje Jewish National Fund, vart Biria ofte angripen av både syriske soldatar og styrkane til Kaukji. I februar 1946, etter eit åtak på ein leir for den arabiske legionen i området, søkte den britiske hæren i landsbyen og fann våpen på landområdet. Alle kvutza-medlemmane vart arresterte og landsbyen vart okkupert av det britiske militæret. Tusenvis av unge jødar frå alle delar av landet kom då til og grunnla busetnaden på ny, ikkje langt frå den opphavlege staden. [3] Britane trekte stykrane sine ut to månader seinare, men landsbybuarane vart ikkje sleppte fri før sommaren etter.[3] I 1947 hadde Birya 150 innbyggjarar.[3] Dagens Birya vart grunnlagd i 1971. Birya var ein av busetjingane som vart råka av Katyusha-rakettar skotne opp av Hizbollah under Libanon-krigen i 2006.

Kjelder

endre
  1. The Territory of Asher
  2. About Kibbutz Hadati, arkivert frå originalen 29. september 2011, henta 16. mars 2015 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191.