Opna hovudmenyen

Birkenes kommune

kommune i Noreg

Birkenes er ein kommune i Aust-Agder fylke. Birkenes kommune i noverande form kom til i 1967 då kommunane Birkenes, Herefoss og Vegusdal vart slegne saman.

Birkenes kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Adm.senter Birkeland
Areal 674 km²
 - land 633 km²
 - vatn 41 km²
Folketal 5 187 (1. januar 2018)
Folketettleik 8 / km²
Målform nøytral
Ordførar Anders Christiansen (Ap)
Kommunenr. 0928
NO 0928 Birkenes.svg
Wikimedia Commons: Birkenes
Nettstad: www.birkenes.kommune.no

Kommunen grensar til Kristiansand og Vennesla i Vest-Agder fylke og Iveland, Evje og Hornnes, Åmli. Froland, Grimstad og Lillesand i eige fylke. Sørlandsbanen går gjennom kommunen over ei strekning på 40 kilometer, mellom anna forbi Herefoss stasjon.

Frå utkikkspunktet Liraasen mellom Steinsland og Rosseleand kan ein sjå ned til havet ved Kristiansand på klare dagar. I tillegg kan ein sjå byen Kristiansand, Danskebåten, fyrtårn, fly som lettar, med meir. Punktet har over 2 mils utkikk i luftlinje.

BakgrunnsstoffEndra

 
Sørlandsk skogsterreng ved Topdalsheia i Birkenes kommune.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
 
Tovdalselva renn gjennom Birkenes og vert kryssa av ei rekkje bruer. Slettene bru frå 1909 var den første vegbrua i kommunen.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Koordinatar: 58°20′5.3″N 8°13′57.7″E

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.