Bjørn Henrik Gundersen (17. januar 19241. august 2002) var ein norsk friidrettsutøvar frå Elverum som representerte Elverum IL. Perioden 1947-54 vart han tre gongar norsk meister i høgdehopp.

Bjørn Gundersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1924
Elverum
Død

1. august 2002 (78 år)
Elverum

Yrke høydehopper

Aktiv endre

Gundersen vart norsk meister i høgdehopp i 1947, 1951 og 1954. Under dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952 vart han nummer åtte med 1,90 meter.

Gundersen sette sin personlege rekord heime på Elverum i august 1954, då han svinga seg over 1,96 m. Han var aktiv i 1958.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1947: Gull – 1,93 m, framom Birger Leirud (1,93 m)
  • 1948: Bronse – 1,93 m
  • 1951: Gull – 1,93 m, framom Eivind Wigstøl (1,80 m)
  • 1952: Sølv – 1,90 m, bakom Birger Leirud (1,90 m)
  • 1953: Sølv – 1,90 m, bakom Tormod Holand (1,90 m)
  • 1954: Gull – 1,93 m, framom Bjørn Thorkildsen (1,93 m)
  • 1955: Bronse – 1,80 m

Kjelder endre