Bjørn Hovdestad
Bjørn Sveinungsson Hovdestad (10. mai 1813–26. september 1876)[1][2] var ein norsk spelemann og gardbrukar frå Vinje i Telemark. Han var far til Øystein Hovdestad.
Bjørn Hovdestad | |
Fødd | 10. mai 1813 |
---|---|
Død | 26. september 1876 (63 år) |
Verka som | musikar |
Bjørn Hovdestad var rekna som ein flink spelemann med stor slåttekunne. Han var god ven med Myllarguten, og desse kunne sitja saman i dagar i strekk og spela, når Myllaren var på dei kantar. Knut Lurås var og i omgangskrinsen, og Bjørn lærte nok av dei båe.
Hovdestaden e ein pirkespelemann dæ, pla Myllarguten seia om Bjørn. Men han han sa og Dæ e ingen spelemann anna Hovdestaden som set veslefingen på rette staden. Hovdestad hadde elles ord på seg for godt spel. Slåttekunna hans Bjørn gjekk i arv til sonen Øystein, og Eivind Groven skreiv ned ei rad av dei.
Kjelder endre
- ↑ «Innhold for Ministerialbok For Vinje Prestegjeld 1767-1814 (0834P) - Skanna arkiver - Arkivverket», media.digitalarkivet.no, henta 10. februar 2019
- ↑ «Innhold for Ministerialbok For Vinje Prestegjeld 1870-1886 (0834P) - Skanna arkiver - Arkivverket», media.digitalarkivet.no, henta 10. februar 2019
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |