66°05′0″N 12°35′00″E / 66.08333°N 12.58333°E / 66.08333; 12.58333

Bjørn
stad
Land  Noreg
Kart
Bjørn i Dønna
66°04′54″N 12°35′07″E / 66.0817°N 12.5854°E / 66.0817; 12.5854

Bjørn, tidlegare skrive Dunbiørn, dvs. Dønn-Bjørn, òg kalla Sørbjørn, er gardsnummer 50 i Dønna. Nokre kilometer nord ligg gnr 48 Hangbjørn eller Nordbjørn.

Namnet er truleg ei dativform av det gammalnorske ordet bjǫrg, 'berg', jf. tradisjonell uttale Bjørsøya (utan «n») om Bjørnsøya ved Bjørn.

På Bjørn har det etter at den offentlege skolen vart nedlagd vore ein montessoriskole. Bygda har òg daglegvarehandel, ferjeleie og eit lite bustadfelt.

I 1754 vart Bjørn ved kongeleg resolusjon oppretta som offisiell tingstad og marknadsplass. Bjørnsmarknaden (tradisjonell uttale Bjørsmartnan var fast tingstad 5. og 6. juli fram til 1882, og heldt sidan fram som tre dagars marknad frå frå fyrste tysdagen i juli, heilt fram til 1939. Dei siste åra har «Bjørnsmartnan» vore arrangert annakvart år i juli, med salsboder, fest og underhaldning.

Bjørn var ofte bruka som møtestad for heradsstyret i Herøy, seinare Nordvik, kommune. På Bjørn vart det i tida omkring første verdskrigen bygd ein sildoljefabrikk. Dette anlegget vart sidan ombygd til ein guanofabrikk.

Riksveg 809 kjem med riksvegferje frå Sandnessjøen til Bjørn ferjeleie og går vidare nordover på Dønna, medan Riksveg 828 går sørover til Herøy i Helgeland over Åkviksundet bru.

Bjørn er i dag ein av anløpsstadene til Nordlandsekspressen mellom Sandnessjøen og Bodø.

Kjelder endre