68°59′55.4″N 15°38′31″E / 68.998722°N 15.64194°E / 68.998722; 15.64194 Bjørnskinn er ein busetnad og eit sokn i Andøy kommune i Nordland. Busetnaden ligg sør på Andøya ved Risøysundet; soknet utgjer den sørlege delen av Andøy kommune, dvs. også område på den nordvestre delen av Hinnøya. Bjørnskinn kyrkje ligg nord for den einaste tettstaden i soknet, Risøyhamn. Namnet er av uvisst opphav, tidlegare skrive Bjarnaska, kanskje av norrønt 'bjørnefare'.

1. januar 1964 vart Bjørnskinn, som då hadde 1 835 innbyggjarar, slått saman med kommunane Andenes og Dverberg til den nye Andøy kommune.

Kjelder

endre

«Bjørnskinn – bebyggelse i Andøy» i Store norske leksikon, snl.no.