Bjarne Håkon Hanssen
Bjarne Håkon Hanssen (fødd 1. november 1962 i Namsos) er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet, og var statsråd for Arbeids- og sosialdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Han vart innvalgt på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 1993–1997.
Bjarne Håkon Hanssen | |||
| |||
Fødd | 1. november 1962 (61 år) Bangsund | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, lærar, kommunikasjonsrådgiver | ||
Utdanna ved | Levanger lærerhøgskole | ||
Alle verv |
|
Han var statsråd for Landbruksdepartementet i regjeringa Stoltenberg I mellom 2000 og 2001. Det var han igjen for Arbeids- og sosialdepartementet frå 2005 til 2008, og sidan det for Helse- og omsorgsdepartementet. Han har òg vore nestleiar i Næringskomiteen i Stortinget. Han er utdanna lærar ved Levanger Lærerhøgskole. Mellom 1980 og 1982 var han leiar for Arbeidernes ungdomsfylking i Nord-Trøndelag.
Ei av Hanssen sine kampsaker som landbruksstatsråd var reduksjon av matvaremomsen frå 24 til 12 prosent. Målet var å gjera matvarer billegare for forbrukarane. I ettertid synte det seg at mykje av reduksjonen fall vekk i mellomledda. Han var òg ei tid nøydd til å stengja landegrensene for utanlandsk kjøt på grunn av munn- og klovsjuke i EU-området.
Regjeringsdeltaking
endre- 17. mars]] 2000–19. oktober]] [[2001 – statsråd i Landbruksdepartementet.
- 17. oktober 2005–20. juni 2008 – statsråd i Arbeids- og sosialdepartementet.
- 20. juni 2008–20. oktober 2009 – statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.
- 2. oktober–20. oktober 2009 – settestatsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stortingskomitear
endre- 1997–2001 – nestleiar i Næringskomitéen i Stortinget til 17. mars 2000.
- 1997–2001 – varamedlem av Valkomitéen i Stortinget til 17. mars 2000.
- 2001–2005 – fyrste nestleiar i Sosialkomitéen i Stortinget.