Bjartmar Gjerde

norsk politikar

Bjartmar Alv Gjerde (6. november 193128. november 2009) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart fødd på Larsnes i Sande på Sunnmøre.

Bjartmar Gjerde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1931
Sande
Død

28. november 2009 (78 år)

Yrke politikar, journalist
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Anne Karin Hoel

Bjartmar Gjerde hadde ikkje formell utdanning ut over folkeskulen. 16 år gammal byrja han som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Seinare var han i mange år redaktør i AUF si avis Fritt slag, før han vart leiar for Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) frå 1958 til 1961. Han vart sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) frå 1963, ei stilling han hadde til 1980. Frå 1971 hadde han stort sett permisjon, for å vere statsråd i fleire regjeringar:

Han var statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972 og i Trygve Bratteli si andre regjering frå 16. oktober 1973 til 15. januar 1976. Han hadde deretter to statsrådpostar i Odvar Nordli si regjering. Først i Industridepartementet frå 15. januar 1976 til 11. januar 1978, og deretter var han den første statsråden i det nyoppretta Olje- og energidepartementet frå 11. januar 1978 til 3. oktober 1980.

Han var kringkastingssjef i NRK frå 1981 til 1989. Frå 1989 til 1994 var han arbeidsdirektør.

Kjelder Endra

.

  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.