Blå Jungfrun

nasjonalpark i Sverige

Blå Jungfrun eller «Blåkulla», er ei svensk øy i Austersjøen ved Kalmarsundet mellom landskapa Småland og Öland. Administrativt høyrer ho til kommunen Oskarshamn. Øya er ikkje busett og dekkjer berre om lag 0,7 km², og har ei høgd på 86 meter over havet. Sidan 1926 har øya vore ein nasjonalpark. Som nasjonalpark er det viktige avgrensingar til allemannsretten ved Blå Jungfrun. Til dømes er det ikkje lov å overnatte på øya eller tenne eld der.

Blå Jungfrun nasjonalpark
verneområde
Land  Sverige
Län Kalmar län
By Kalmar
Areal 1,98 km²
Grunnlagd 1926, utvida 1988[1]
Styre Naturvårdsverket
Kart
Blå Jungfrun
57°15′08″N 16°47′38″E / 57.2521142°N 16.7938044°E / 57.2521142; 16.7938044
Wikimedia Commons: Blå Jungfrun
Blå Jungfrun er nummer 24 på kartet

Øya består delvis av bert berg og delvis av tett lauvskog. Teist er ein vanleg fugl på øya. Det er fleire grotter og ein eldgammal labyrint på Blå Jungfrun.

Delar av steinlabyrinten på Blå Jungfrun

Øya speler ei viktig rolle i svensk folkeminne, og vart tidlegare sett på som ein vond og magisk stad. Namnet Blå Jungfrun (blå jomfrua) vart opphavleg nytta av sjømenn for å unngå å provosere dei vonde andane som helt til på øya. I følgje folketrua, nemnd av Olaus Magnus i 1555, møttest hekser på øya kvar skjærtorsdag.

Ei segn som framleis finst seier at det vil gå dårleg for dei som fjernar ein stein frå øya fram til dei tek steinen attende.

Om sommaren kan ein vitje øya med turbåtar frå Oskarshamn eller Byxelkrok.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Blå Jungfrun National Park». Naturvårdsverket. Arkivert frå originalen 3. april 2009. Henta 26. februar 2009. 

Bakgrunnsstoff endre