Blåkval

pattedyrart
Blåkval
Blåkval
Blåkval
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av blåkval
Utbreiinga av blåkval
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Finnkvalfamilien Balaenopteridae
Slekt: Balaenoptera
Art: Blåkval B. musculus
Vitskapleg namn
Balaenoptera musculus

Blåkval (Balaenoptera musculus) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Blåkvalen blir over 33 meter lang med ei kroppsvekt på 190 tonn og er dermed både det største dyret som lever i dag, og det største dyret me veit har eksistert nokon gong. Kril er viktigaste føda.

Blåkvalene er flekkut med fleire nyansaer av grått. Dei ser blåaktig ut i godt lys. Ryggfinnen er heller lite. Han sit langt bak på kroppen. Overkjeven har mellom 270 og 395 svarte, opp til ein meter lange, barder på kvar side.

Blåkvalene vert kjønnsmodne rundt 8–10 år gamle. Paring foregår om hausten/vintern. Hodyra går drektige i 10 til 12 månadar. Den nyfødde kalven er 6–7 meter lang, og veg fra 2 til 3 tonn. Hoene får ein kalv omlag kvart tredje år.[2]

Bestanden vart kraftig redusert av industriell kvalfangst på 1900-talet, og er i dag om lag 10 000–25 000 individ.

Blåkvalen finst i alle verdshava utanom i Arktis, men likevel så langt nord som til Svalbard. Tidlegare fanst den største bestanden i antarktiske farvatn, men på 1900-talet vart denne bestanden redusert med kanskje meir enn 97 % av industriell kvalfangst. Det vart registrert fangst av 340 000 dyr i antarktiske farvatn på 1900-talet. Nye overslag over den antarktiske bestanden er på om lag 1700 dyr. Arten vart freda på verdsbasis i 1966, men den siste fangsten vart registrert utanfor Spania i 1978.

Fangst av blåkval i norske farvatn tok til i 1868. Rundt byrjinga av 1900-talet var bestanden her allereie kraftig redusert. Etter 1914 vart det berre fanga om lag 1400 blåkval i alt i våre farvatn. Eit grovt anslag over den globale populasjonen frå 2018 er på 5 000-15 000 reproduserande individ.[3] Bestanden i norske farvatn er no anslått til mellom 250 og 500 dyr, men stigande.[4]

Kjelder endre

  1. «Art blåkval Balaenoptera musculus». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 20. juni 2022. 
  2. «Tema:Blåhval». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 8. april 2021. Henta 30. mars 2023. 
  3. Cooke, J.G. 2018. Balaenoptera musculus. The IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T2477A156923585. Henta 20. juni 2022
  4. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021, 24. november). Pattedyr: Vurdering av blåkval Balaenoptera musculus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 20. juni 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Blåkval