Blålid er ei bygd i Kinn kommune i Vestland fylke. Ho ligg på nordsida av Skavøypollen.

Blålid
bygd
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn
Postnummer 6718
Kart
Blålid
61°55′10″N 5°07′58″E / 61.919444°N 5.132778°E / 61.919444; 5.132778

Bygda er ein del av poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt. Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy. I bygda ligg det ei skipsbyggjarverksemd med slipp som produserer og vedlikeheld plastbåtar.

Bygdene Blålid, Kulen, Degnepoll, Trollebø, Skavøypoll, Tennebø og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad.

Blålid er òg eit etternamn med om lag 112 brukarar.