Gråmåse

fugleart
(Omdirigert frå Blåmåse)
Gråmåse
Gråmåse
Gråmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Gult = berre hekkeområde Grønt = fuglar finst her heile året Blått = berre overvintring
Gult = berre hekkeområde
Grønt = fuglar finst her heile året
Blått = berre overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Gråmåse L. argentatus
Vitskapleg namn
Larus argentatus

Gråmåse eller blåmåse (Larus argentatus) er ein fugl i måsefamilien. Ein finn gråmåsen i Nord-Europa inludert Noreg, og i Vest-Europa, i kyststrøka frå Portugal til Kaninhalvøya i nordvestlege Russland.

Kjenneteikn endre

Dei vaksne fuglane har gråblå overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfugl er meir brunfarga. Beina er kjøttfarga og med symjeføter. Dei har store spisse venger og flyt lett. Kjønna er like. Gråmåsen er i vaksen alder opptil 56 cm og veg om lag 1,1 kg.

Global utbreiing endre

Arten eller artskomplekset har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i eit belte mellom 30 og 70 grader nord. Arten slik som definert av American Ornithologists' Union og andre, vert delt inn i tre grupper med ei rekke underartar i kvar gruppe. Argentatus-gruppa med tre underartar finst i Europa nord for Frankrike og i Amerika. Cachinnans-gruppa med seks underartar finst i Europa sør for Frankrike og i Middelhavet. Armenicus-gruppa med ein underart hekkar i austre Tyrkia og vestre Iran. Nominatunderarten hekkar i Skandinavia austover til Kvitsjøen.

International Ornithologists' Union, Birdlife International[2] og den norske tilsluttinga av Birdlife International ser på desse som tre artstakson, slik at arten gråmåse, Larus argentatus, med to underartar er avgrensa til Nord- og Vest-Europa.

Utbreiing i Noreg endre

Gråmåsen finst langs heile norskekysten. Bestanden var i 2014 estimert til 144 000 individ. I 2021 blei arten oppgradert til kategorien sårbar på den norske raudlista for artar.[3]

Han hekkar fyrst og fremst langs kysten, men også ved Mjøsa og enkelte innlandsvatn i Finnmark.

Kjelder endre

  • Norsk fugleatlas, 1994.
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark gråmåse Larus argentatus Pontoppidan, 1763 Henta 1. desember 2010
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Larus argentatus Henta 1. desember 2010
  3. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av gråmåke Larus argentatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 1. desember 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråmåse