Blåstjert

art av sporvefuglar
Blåstjert
Blåstjerthann
Blåstjerthann
Blåstjerthoe
Blåstjerthoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftiggrønt - hekkeområde blått - overvintring
grønt - hekkeområde
blått - overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Tarsiger
Art: Blåstjert T. cyanurus
Vitskapleg namn
Tarsiger cyanurus

Blåstjert (Tarsiger cyanurus) er ein liten sporvefugl i flugesnapparfamilien. Han har det sentrale hekkeområdet i Sibir, men det finst òg hekkepopulasjonar i Europa, både i Nordvest-Russland og i Nord-Finland. Blåstjert er ein trekkfugl som overvintrar i søraustlege delar av Asia, inkludert Japan.

Skildring endre

Med 13–14 centimeter i kroppslengd og 10–18 gram vekt, har blåstjerten storleik og vekt omtrent som raudstjert og marginalt mindre og slankare kropp enn raudstrupe. Som namnet tilseier har begge kjønn ein blå hale og overgump; dei har òg ein kvit hals og gråkvitt underparti, oransjeraude flankar, og eit kort og spinkelt svart nebb, og tynne svarte bein. Vaksne hannar har i tillegg djupblå overside, medan hoer og umodne hannar har brunfarge her bortsett frå blå overgumpen og hale, og dei har eit mørkt bryst. I åtferd liknar blåstjerten på ein raudstjert, ofte rører han seg på same måten og flyg regelmessig frå ei grein for å fange insekt i lufta eller nede på bakken.

Himalayablåstjert, Tarsiger rufilatus, liknar og han vart tidlegare ofte rekna som ein underart av blåstjert.[1]

Dette er ein trekkande, insektetande art som hekkar i blanda barskog med undervekst. Hekkeområdet er samanhengande i sentrale og austre Sibir, frå Uralfjella i vest og austover til stillehavskysten, så langt sør som nordlege Mongolia, nordaustre Kina, Nord-Korea og i aust inkluderer hekkeområdet Kamtsjatkahalvøya og øyane som avgrensar Okhotskhavet, sør til øya Hokkaido i nordlegaste Japan. I tillegg hekkar blåstjerten i meir fragmenterte område i nordvestre Russland, inkluder Kolahalvøya, og i Nord-Finland. Arten har overvintringsområde hovudsakleg i Japan, på Korea-halvøya, sørlegaste Kina og nordlege Indokina.

Hekkeområdet blir utvida sakte vestover gjennom Finland,[2] der ca. 150-6500 par no hekkar,[3] og han er ein sjeldan, men aukande streiffugl i Vest-Europa, hovudsakleg til Storbritannia. Det har òg vore nokre få registreringar i det vestlegaste Nord-Amerika, mest i vestlege Alaska, men ein gong på ei øy utanfor den sørlege kaliforniakysten.

I Sibir hekkar han i taigaskog, i fuktig, mosegrodd granskog og gjerne i høgtliggande terreng, men òg i furuskog eller blanda med bjørk. I Japan er hekkehabitatet eviggrøn lauvskog med tett underskog.[4]

Streiffugl i Noreg

Det er registrert eitt hekkefunn i landet, i Sør-Varanger, 2011. Frå 2005 til og med 2022 er det registrert minst ein blåstjert per år i landet, år 2010 representerer ein topp med 15 individ, alle på hausten og spreidd på seks ulike fylke.[5]

Storleiken på populasjonen i Europa er estimert til ca. 40 000-113 000 individ, det er antatt å gjere ut for 5 % av den globale populasjonen. Bestanden er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[6]

Kjelder endre

Referansar
  1. Updates & Corrections – December 2009 Page 456, Red-flanked Bluetail Tarsiger cyanurus Henta 7. desember 2019
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. IUCN Red list of threatened species™, BirdLife International (2015) European Red List of Birds Tarsiger cyanurus (Orange-flanked Bush-robin) European Red List of Birds Supplementary Material, henta 7. desember 2019
  4. Collar, N., de Juana, E. & Christie, D.A. (2019) Red-flanked Bluetail (Tarsiger cyanurus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. desember 2019
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 8. oktober 2022. 
  6. BirdLife International (2019) Species factsheet: Tarsiger cyanurus. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. desember 2019

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Blåstjert