Blackdance
album av Klaus Schluze
Blackdance Studioalbum av Klaus Schulze | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | Mai 1974 | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Lengd | 48:32 (original) 73:52 (nyutgjeving) | |
Selskap | Brain, Virgin | |
Produsent | Klaus Schulze | |
Klaus Schulze-kronologi | ||
---|---|---|
Cyborg (1973) |
Blackdance | Picture Music (1975)
|
Blackdance er eit album frå 1974 og det tredje albumet til Klaus Schulze.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Fiki | (8.7/10) |
Dette var første gongen Schulze brukte «verkelege» synthesizers og song. Ernst Walter Siemon syng på «Voices of Syn». På grunn av feiltrykk på plateomslaget trudde ein i mange år at dette var det fjerde albumet til Schulze, men biografen og talsmannen til Schulze, Klaus D. Müller, oppdaga gjennom mykje leiting at Picture Music, som ein trudde var det tredje albumet, vart spelt inn etter Blackdance. Trass i dette har nyutgjevingar merka Blackdance som det fjerde albumet til Schulze.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Klaus Schulze.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Way of Changes» | 17:14 |
2. | «Some Velvet Phasing» | 8:24 |
3. | «Voices of Syn» | 22:40 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «Foreplay» | 10:33 |
5. | «Synthies Have (No) Balls?» | 14:42 |
Medverkande
endre- Klaus Schulze – synthesizer, orgel, piano, perkusjon, 12-strengs akustisk gitar
- Ernst Walter Siemon: song på «Voices of Syn»
Bakgrunnsstoff
endre- Blackdance på den offisielle nettsida til Klaus Schulze
- Blackdance på Discogs (liste over utgjevingar)