Blaise Pascal (19. juni 16231662) var ein fransk matematikar, fysikar, filosof og religiøs skribent, som la grunnlaget for moderne sannsynsteori.

Blaise Pascal

Blaisa Pascal måla av ukjend kunstnar.
Fødd19. juni 1623
Clermont-Ferrand, huset som Blaise Pascal er født i, Clairmont
Død19. august 1662
Paris
NasjonalitetKongedømet Frankrike
Områdesannsynsrekning, matematikk, litteratur, fysikk
Yrkematematikar, filosof, teolog, fysikar, skribent, dei franske moralistane, statistikar
MedlemAcadémie Le Pailleur

Som tenkjar høyrde til Pascal den kartesiske skolen. Han delte René Descartes sitt dualistiske syn på kroppen og sjela, og den mekaniske forklaringa hans for det kroppslege.

Pascal var fødd i Clermont-Ferrand, men flytta sju år gammal til Paris med den høgt utdanna faren sin. Pascal var tidleg mogen, og fekk tidleg ry som ein sjølvstendig matematikar. Etter ei ulukke i 1640 gjekk han gjennom ei djup religiøs omvending som han vidareførte til faren og systera, Jacqueline, som blei nonne i Port-Royal ved Versailles. Gjennom henne kom Blaise Pascal i kontakt med jansenittane, og blei sterkt påverka av den strenge religiøsiteten deira.

Gjennom sine Lettres provinciales frå 1650-åra, laga Pascal eit viktig bidrag til den franske litteraturen. Desse breva er både stilistisk imponerande, med bruk av kvikke replikkar og satire, og innhaldsmessig viktige for katolikkar.

I fylje Biffignandi fekk han i 1662 løyve av Ludvig 16. til å driva kollektivtransport med hestar.[1] Dei fyrste rutene skal ha starta den 18. mars same året.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre