Blanka av Namur (død 1363) var svensk og norsk dronning frå 1335. Ho var gift med Magnus VII og mor til Håkon VI Magnusson.

Blanka av Namur

Seglet til dronning Blanka
Fødd1320
Namur, Kasteel Wijnendale
Død1363
Tønsberg
FøregangarEufemia av Arnstein (dronning av Noreg)
Märta av Danmark (dronning av Sverige)
EtterfylgjarMargrete Valdemarsdotter (dronning av Noreg)
Beatrix av Bayern (dronning av Sverige)
Alle titlarkongegemalinne
Hus eller slektHuset Dampierre
LandNoreg, Sverige
MorMaria av Artois
FarJohan av Namur
EktefelleMagnus Eriksson
BarnErik Magnusson av Sverige, Håkon VI Magnusson

Liv endre

 
Måleri av dronning Blanka frå 1800-talet. Ukjend kunstnar.

Blanka (kalla Blance eller Blantz(e) i samtidige kjelder, namnet kan også moderniserast til Blanca eller Blanche) var fødd i slottet i Namur i noverande Belgia. Ho var dotter av grev Johan av Namur og grevinne Maria av Artois, som stamma frå kong Ludvig VIII av Frankrike. Kva tid ho blei fødd er ukjend, men ein reknar med at ho var jamgammal med ektemannen, som var fødd i 1316. Ein veit heller ikkje korleis kong Magnus fekk kjennskap til henne, men kontakten kan ha kome gjennom svogeren hans, Albrecht av Mecklenburg, eller gjennom den norske interessa for Flandern og Frankrike på denne tida.

I juni 1334 reiste kong Magnus med følgje på friarferd til Namur. Paret blei trulova, og hausten 1335 kom Blanka til Noreg. Brurefølgjet hadde leide- og vernebrev frå Edvard III av England, og var rikt utstyrt av grevinna av Namur.

Vigselen fann stad i oktober eller tidleg i november 1335. Året etter blei Blanka krona i Stockholm.

Det er ukjend kvar giftarmålet fann stad, det kan ha vore Tunsberghus eller Bohus fästning. Desse blei i alle høve viktige bustader for dronninga og ekteparet seinare. Blanka fekk fem barn: Sønene Erik (1339-1359) og den framtidige kongen Håkon (fødd 1340), og tre døtrer som døydde i ung alder.

Som morgongåve ved giftarmålet fekk Blanka Tunsberghus og Tunsberg fehirdsle (seinare bytta med Borgarsysla og Båhuslen), Dalsland og Värmland. Dette blei eit slags «dronningrike» som ho styrte og fekk inntekter frå. Etter at Blanka døydde blei området gjeve til svigerdotter hennar, Margrete Valdemarsdotter.

Blanka budde i Tønsberg frå 1359 til 1363. Ho døydde på Tunsberghus kort tid etter at sonen Håkon gifta seg med Margrete Valdemarsdotter.[1] Dødsårsak og gravstad er ukjende.

Rolle og omdøme endre

 
Rida ranka viser dronning Blanka og sonen Håkon. Måleri av Albert Edelfelt frå 1877.

Blanka var ofte saman med kongen når han skjøtte styret av riket. Ho stod også for administrative oppgåver når Magnus var annanstad, og stod som garantist når han søkte lån frå paven.

Det finst ingen samtidige biletskildringar som ein sikkert veit viser dronning Blanka. Seglet til dronninga er kjend frå eit diplom frå 1346. Det viser ei kvinne i fotsid kjole utan belte, med septer i høgre hand og krone på hovudet.

I lang tid etter sin død blei Blanka skulda for å ha forgifta sonen Erik og kona hans Beatrix. Dette var rykte som hovudsakleg var kjende i Sverige, mellom anna spreidde av heilage Birgitta, som hadde vore hoffkvinne for henne. Forsking gjort av P.A. Munch reinvaska dronninga frå mange av desse skuldingane.

Barnesongen «Ride, ride, ranke» er sett i samanheng med dronninga. På svensk seier andrelinja «hästen heter Blanka». Teksten inspirerte måleriet Rida ranka av Albert Edelfelt frå 1877, som viser dronninga og sonen hennar.

I Noreg er fleire gater kalla opp etter dronninga:

Kjelder endre

  1. Thuesen 1991, s. 56