Bleiksøya

Koordinatar: 69°16′27″N 15°52′34″E

Bleiksøya er ei lita, busett øy vest for BleikAndøya i Nordland. Det høgaste punktet på Bleiksøya er 160 moh. Hovuddelen av øya er bratt fjell, men den sørvestlege delen av øya er flatare. Som med Torghatten har Bleiksøya eit hol tvers gjennom seg.

Bleiksøya sett sørfrå
Holet i Bleiksøya

Bleiksøya er det nordlegaste fuglefjellet i Nordland. På øya er det gode bestandar av mellom anna lunde, krykkje, alke, lomvi, havhest, havsvale, toppskarv og havørn. Øya er verna som naturreservat. I juni og første halvdel av juli er det forbod mot å gå i land på øya. Bleiksøya er eit gammalt egg- og dunvær.

BakgrunnsstoffEndra