Blekkslagar er nemninga for ein handverkar som har som yrke å lage og montere takplater, takrenner og nedløp, veggplater, ventilasjonsutstyr og andre detaljar av blekk (tynne metallplater) på og i bygningar. Blekkslagaren skal kunne arbeide med mange typar metallblekk, som til dømes galvaniserte jarnplater, koparplater og aluminiumsplater, som truleg er blant dei mest vanlege materiala.

Døme på blekkslagararbeid på eit hushjørne.
Forma blekk er nytta som veggmateriale i tunnelbana i Praha.

Blekkslagararbeidet kan gå føre seg både i ein eigen verkstad, og ute og inne på dei bygningane der moteringa skal gjerast. Ofte er mykje av arbeidet unnagjort på førehand i verkstaden, slik at det deretter berre er å montere dei stort sett ferdig tillagde objekta på rette plassen.

Bakgrunnsstoff endre