59°56′18.460″N 10°43′29.906″E / 59.93846111°N 10.72497389°E / 59.93846111; 10.72497389

Blindern med universitetsområdet i nedre halvpart av fotografiet. Universitetet disponerer òg lokale i dette området utanfor biletet. Flyfoto frå 2015.

Blindern er eit strok i bydel Nordre Aker i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadsområde, men er prega av at Universitetet i Oslo har sitt sete og størsteparten av sine bygningar liggjande her.

Meteorologisk institutt har òg sin bygning med tilhøyrande målestasjon etc. i dette stroket. Opplysningar om vêr og temperatur i Oslo refererer difor vanlegvis til tilhøva på Blindern.

Blindern er òg namnet på ein haldeplass på T-banelina Sognsvannsbanen, som saman med haldeplassen Forskningsparken på den same lina, og trikkelina mellom sentrum og Rikshospitalet, gjer det enkelt å nå stroket og universitetet med kollektivtransport.

Våningshuset på Nedre Blindern gård i Blindernveien 19 er frå 1790-talet, og var prestegard for Vestre Aker frå 1856. Huset er freda.
Foto: Mahlum, 2008

Namnet har stroket fått etter garden Blindern. Dette var ein av dei mange gamle gardane i Aker som opphavleg hadde endinga vin i namnet, og som difor gjerne vert rekna med å ha vore rydda i eldre jarnalder. Det er ikkje noko att av jordbruksareala i dette området.