Blue Yodel er ei rekkje songar av Jimmie Rodgers frå 1927 og til han døydde i mai 1933. Dei tretten songane var skrivne i tolvtaktars blues og hadde Rodgers si kjende jodling i refrenget. Den opphavlege 78-plata med «Blue Yodel No. 1 ("T" for Texas)» selde over ein halv million eksemplar, eit fenomenalt salstal på den tida.

«Blue Yodel No.1 (T for Texas)» framført av Bob Wills & His Texas Playboys.

Songar endre

  • «Blue Yodel No. 1 (T for Texas)», spelt inn 30. november 1927 i Camden i New Jersey; gjeven ut 3. februar 1928 (BVE 40753-2).
  • «Blue Yodel No. 2 (My Lovin’ Gal, Lucille)», spelt inn 15. februar 1928 i Camden i New Jersey; gjeven ut 4. mai 1928 (BVE 41741-2).
  • «Blue Yodel No. 3 (Evening Sun Yodel)», spelt inn 15. februar 1928 i Camden i New Jersey; gjeven ut 7. september 1928 (BVE 41743-2).
  • «Blue Yodel No. 4 (California Blues)», spelt inn 20. oktober 1928 i Atlanta i Georgia; gjeven ut 8. februar 1929 (BVE 47216-4).
  • «Blue Yodel No. 5 (It’s Raining Here)», spelt inn 23. februar 1929 i New York by; gjeven ut 20. september 1929 (BVE 49990-2).
  • «Blue Yodel No. 6 (She Left Me This Mornin’)», spelt inn 22. oktober 1929 i Dallas i Texas; gjeven ut 21. februar 1930 (BVE 56453-3).
  • «Anniversary Blue Yodel (Blue Yodel No. 7)», spelt inn 26. november 1929 i Atlanta i Georgia; gjeven ut 5. september 1930 (BVE 56607-3) - med Elsie McWilliams (svigerinna til Rodgers).
  • «Blue Yodel No. 8 (Mule Skinner Blues)», spelt inn 11. jli 1930 ved Hollywood Recording Studios i Los Angeles i California; gjeven ut 6. februar 1931 (PBVE 54863-3).
  • «Blue Yodel No. 9 (Standin’ On the Corner)», spelt inn 16. juli 1930 ved Hollywood Recording Studios i Los Angeles i California (med Louis Armstrong på trompet og Lil Hardin Armstrong på piano); gjeven ut 11. september 1931 (PBVE 54867-3).
  • «Blue Yodel No. 10 (Ground Hog Rootin’ in My Backyard)», spelt inn 6. februar 1932 i Dallas i Texas; gjeven ut 12. august 1932 (BVE 70650-2).
  • «Blue Yodel No. 11 (I’ve Got a Gal)», spelt inn 27. november 1929 i Atlanta i Georgia; gjeven ut posthumt 30. juni 1933 (BVE 56617-4).
  • «Blue Yodel No. 12 (Barefoot Blues)», spelt inn 17. mai 1933 i New York by; gjeven ut posthumt 27. juni 1933 (BS 76138-1), ein månad etter at Jimmie Rodgers døydde.
  • «Jimmie Rodgers' Last Blue Yodel (The Women Make a Fool Out of Me)», spelt inn 18. mai 1933 i New York by; gjeven ut posthumt 20. desember 1933 (BS 76160-1), sju månader etter at Jimmie Rodgers døydde.

Kjelder endre