Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II

Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
Samlealbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 17. november 1971
Innspelt 1962–1971
Sjanger Folkrock, country
Lengd 1:07:31
Selskap Columbia
Produsent John H. Hammond, Tom Wilson, Bob Johnston, Leon Russell
Bob Dylan-kronologi 
New Morning
(1970)
Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II Pat Garrett & Billy the Kid
(1973)


Singlar frå Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
  1. «Watching the River Flow»
    Utgjeve: 3. juni 1971

Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, òg kalla More Bob Dylan Greatest Hits, var det andre samlealbumet til Bob Dylan, gjeven ut i 1971. Då det ikkje var venta at Dylan skulle kome med nytt materiale på ei stund kom administrerande direktør i CBS Records, Clive Davis, med eit forslag om å gje ut ei dobbel LP-samling med eldre songar. Dylan godtok dette og foreslo og ha ei heil side med ubrukte songar frå arkivet sitt. Etter å ha sendt inn eit utdrag frå Basement Tapes, som Davis ikkje fann gode nok, gjekk Dylan i studio i september 1971 og spelte inn fleire av songane frå Basement på ny i lag med Happy Traum som akkompagnement.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideA[2]
MusicHound Rock3/5[3]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[4]

Den endelege utgåva inneheldt ein tidlegare singel, «Watching The River Flow», «When I Paint My Masterpiece», ein song frå ein Dylan-konsert i 1963, «Tomorrow is a Long Time» og tre songar frå innspelinga i september, «I Shall Be Released», «You Ain't Goin' Nowhere», og «Down in the Flood». Resten av songane var songar som var gjevne ut på singlar og album tidlegare.

Plateomslaget vart forma for å dra fordel av omtalen av George Harrison sin Concert for Bangladesh, og filmen og albumet som følgde denne konserten. Biletet på omslaget er teken av Dylan på denne konserten. Plateomslaget liknar omslaget på det førre samlealbumet, Bob Dylan's Greatest Hits, som òg var eit konsertbilete av Dylan.

Samlealbumet nådde 14. plass i USA og 12. plass i Storbritannia og har til no seld seks gongar platina i USA, noko som gjer det til eit av dei bestseljande Dylan-albuma nokon gong.

I 2003 vart albumet gjeven ut i lag med to andre samlealbum frå Dylan i ei samling kalla Greatest Hits Volumes I-III.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Watching the River Flow»3:32
2.«Don't Think Twice, It's All Right»3:36
3.«Lay Lady Lay»3:14
4.«Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again»7:06
Side to
Nr.TittelLengd
5.«I'll Be Your Baby Tonight»2:37
6.«All I Really Want to Do»4:02
7.«My Back Pages»4:21
8.«Maggie's Farm»3:49
9.«Tonight I'll Be Staying Here With You»3:21
Side tre
Nr.TittelLengd
10.«She Belongs to Me»2:46
11.«All Along the Watchtower»2:30
12.«The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)»2:43
13.«Just Like Tom Thumb's Blues»5:25
14.«A Hard Rain's A-Gonna Fall»6:47
Side fire
Nr.TittelLengd
15.«If Not for You»2:38
16.«It's All Over Now, Baby Blue»4:13
17.«Tomorrow is a Long Time» (tidlegare ikkje utgjeven)3:01
18.«When I Paint My Masterpiece» (tidlegare ikkje utgjeven)3:22
19.«I Shall Be Released» (tidlegare ikkje utgjeven)3:01
20.«You Ain't Goin' Nowhere» (tidlegare ikkje utgjeven)2:41
21.«Down in the Flood» (tidlegare ikkje utgjeven)2:46

Kjelder endre

  1. AllMusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 13. november 2018.