Boblekammer er ein behaldar fylt med gjennomsiktig væske (vanlegvis flytande hydrogen) som er overoppheita, det vil sei med ein temperatur rett over kokepunktet. Det blir nytta til å oppdage elektrisk ladde partiklar som ferdast gjennom det. Kammeret vart oppfunnen i 1952 av Donald A. Glaser, som fekk Nobelprisen i fysikk i 1960.

Et Boblekammer.

Ein anekdote fortel at Glaser var inspirert av boblar i eit glas med øl. I eit intervju i 2006 nektar han likevel at det var bakgrunnen for oppfinninga, sjølv om han eksperimenterte med øl som væske i dei tidlege utgåvene av kammeret.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre