Bodens kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Boden kommune)

Boden kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Kommunen grensar til nabokommunane Jokkmokk, Gällivare, Överkalix, Luleå og Älvsbyn. Administrasjonssenteret i kommunen er Boden.

Bodens kommun
kommune
Boden centrum.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Areal 4 285,13 km²
 - land 4 007,86 km²
 - vatn 277,27 km²
Folketal 27 642[1] (2011)

Bodens kommun
65°49′0″ N 21°43′0″ E
Boden Municipality in Norrbotten County.png
Wikimedia Commons: Boden Municipality
Sentrale Boden.

Administrativ historikkEndra

Det opphavlege soknet Överluleå braut i 1831 ut frå Nederluleå. Når kommunalreformen frå 1862 tredde i kraft vart soknet innretta som Överluleå landskommune. I 1892 braut Ederfors landskommune ut frå Överluleå, og i 1896 vart den raskt veksande garnisonsbyen Boden eit municipalsamhälle innan Överluleå landskommune. I 1919 braut Boden ut for å danne Bodens stad. Kommunalreformen i 1952 påverka ikkje området. I 1967 vart Överluleå gjenforeint med byen, og kommunen fortsette under namnet Bodens stad; Gunnarsbyns församling frå Råneå landskommune vart òg innlema i kommunen. I 1971 vart Bodens kommune slik han er i dag danna, då Edefors landskommune vart slått saman med Bodens stad.

HistorieEndra

UrtidEndra

Fornminnet i Alträsk utanfor Boden har saman med andre i Jokkmokk, Vuollerim og Överkalix lagt grunn for den nye forståinga av den norrländske urtida. Buplassvollane i Alträsk har vorte datert til å vere 7000 år gamle.

Yngre jernalderEndra

I Hedan har det vorte gjort funn frå kommunikasjon (handel o.l.) med sørlege Sverige i den yngre jernalderein1000-talet. I Hedan-området vart òg kommunen sin første kyrkje bygd, men denne ligg no i ruinar.

MellomalderenEndra

Første gongen Boden (som Bodebyn) vart nemnt skriftleg var i eit riksskatteinnkrevingsskrift frå 1539.

Moderne historieEndra

Överluleå kyrkje vart bygd i 1827, og sentrum vart dermed flytta frå Hedan til Bodträsket.

Sidan slutten av 1800-talet har både Stambanan genom övre Norrland (StockholmHaparanda) og Malmbanan (LuleåNarvik) gått gjennom kommunen.

På byrjinga av 1900-talet byrja ein å etablere fort og garnison (Bodens fästning) i byen for å verne den viktige stillinga til staden. Den største risikoen vart rekna å vere åtak austfrå, frå Russland. Fram til 1990-åra var arbeidsmarknaden i kommunen prega av arbeidet i garnisonen, og dessutan garnisonssjukehuset som vart bygd i nærleiken av kasernane. På 90-talet vart sjukehuset flytta til Södre Sunderbyn i Luleå kommune.

GeografiEndra

TettstaderEndra

Boden kommune hadde seks tettstader (tätorter) i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[2]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Boden 18 680
2. Sävast 3 121
3. Harads 558
4. Unbyn 481
5. Vittjärv 429
6. Bodträskfors 205

SmåstaderEndra

I tillegg til dei seks tettstadane finst det òg 15 småstader (småorter) i kommunen:

# Småstad Innbyggjarar
1 Svartlå 197
2 Södra Bredåker 195
3 Gunnarsbyn 169
4 Norra Bredåker 137
4 Sörbyn 137
6 Degerbäcken 120
7 Brännberg 114
8 Österåker 84
9 Svartbjörsbyn (nordleg del) 72
10 Buddbyn (sørleg del) 69
11 Buddbyn (nordleg del) 67
12 Sävastnäs 59
13 Överstbyn 57
14 Skòg 54
15 Åbergstorp 51

VenskapskommunarEndra

Boden har tre vennskapskommunar i andre land:

KjelderEndra

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

BakgrunnsstoffEndra

Offisiell heimeside