Bodhidagen er ei buddhistisk høgtid som særleg blir feira i japansk tradisjon, som regel den 8. desember. Markeringa er til minne om Buddha si oppvakning (bodhipali og sanskrit). Ein ser gjerne på dagen som ei påminning om at alle kan oppnå oppvakning. Bodhidagen er også kjend som jōdō-e (japansk 成道会), eller rohatsu (臘八, 'åttande i tolvte') blant zen-buddhistar.

Leiaren for Sōtō Zen-sekta i Nord-Amerika mediterer under ein sesshinrohatsu, bodhidagen.
Nye skot på eit bodhitre. Buddhistar kan pynta heimen sin med dette treet på bodhidagen.

Det er særleg zen- og shin-buddhistar som markerer dagen. Zen-munkar og ikkje-ordinerte kan vaka og meditera heile natta før bodhidagen, medan ein gjerne held sesshin, intensiv meditasjon og søking, på sjølve dagen. Vanlege folk kan pynta heimane sine med bodhitre, treet Buddha sat under då han blei opplyst, eller med lys i ulike fargar, som viser til opplysing som ein kan oppnå på mange ulike måtar. Lysa blir først tende på bodhidagen og deretter i tretti dagar. Også treet kan få slike lys på seg, eller også perler eller tre skinande pynteting som står for «dei tre juvelane», Buddha, dharma (læra hans) og sangha (dei som følgjer han).

Kjelder

endre
  Denne buddhismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.