Bodil Niska

Bodil Aileen Niska (datoar) er ein norsk jazzmusikar (saksofon), kjend for godtseljande utgjevingar av standardlåtar innan jazz og for å driva jazzklubbar og -kafear.

Bodil Niska
Bodil Niska (201740).jpg
Fødd21. august 1954 (67 år)
FødestadVadsø
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentsaksofon
Verka somjazzmusikar, komponist, saksofonist
PrisarSildajazzprisen

Niska blei fødd i Vadsø og voks opp i Hammerfest. Ho lærte musikk av faren, trekkspelaren Aksel Niska, og studerte saksofon hjå Kjell Bartholdsen. Niska dreiv jazzklubben «Montenegro» frå 1979 til 1989. Ho var òg sterkt involvert i Varangerfestivalen.[1]

Etter å ha flytta sørover i 1990 deltok ho sidan 1992 i trioen «Girl Talk», der ho med vokalisten Siri Gellein (seinare erstatta av bassisten Tina Asmundsen) og pianisten Elizabeth Walker gav ut Talkin' Jazz i 1996 som selde godt.

I Bodil Niska Kvartett spelte Per Husby piano, Stig Hvalryg bass og Roger Johansen trommer, og spelte ved Oslo Jazzfestival og Nordlændingernes Forening kulturaftan i 2005. I 2017 spelte kvartetten hennar i Ålesund med Hvalryg på bass, Dag Arnesen på piano og Marcus Lewin på trommer.[2]

Ho har òg samarbeidd med Pete Brown trio, Scott Hamilton og Harry Allen.[3]

Etter nokre år som plateseljar ved Akers MIC skipa ho kring 1997 jazzbutikken og -kafeen «Bare Jazz» i Oslo, og dessutan plateselskap av same namn.[4] Kafeen blei nedlagd i 2020 under koronapandemien.[5] Ho vann Oslo Jazzfestival sin Ella-pris i 2009.

Under Sildajazz i Haugesund har ho i mange år drive musikksjappa «Bodils Bodega», som ho i 2005 mottok Sildajazzprisen for.

Prisar og utmerkingarEndra

  • 2005: Sildajazz ved Sildajazzfestivalen Haugesund
  • 2009: Nordprofil-prisen
  • 2009: Ella-prisen ved Oslo Jazzfestival

DiskografiEndra

  • First Song (Hot Club Records, 2000). Med Egil Kapstad, Bjørn Alterhaug og Pelle Hultén. Bidrag fra Aksel Niska.
  • Blue (Bare Jazz Records, 2004). Med Kapstad, Alterhaug, Hulten, Paul Wagnberg
  • Night Time (Bare Jazz Records, 2008). Med blant annet Claes Crona Trio og Staffan William-Olsson.

KjelderEndra

  1. Hammerø, Tor; Hoprekstad, Odd Egil. «Bodil Niska». Store Norske Leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 17. juni 2021. 
  2. Bodil Niska kvartett ved jazzinorge.no, 21. april 2017.
  3. Niska, Bodil, mic.no 16. juni 2016. Basert på en artikkel i jazzbasen.no.
  4. Terje Mosnes, «Kjerringa mot filstrømmen» i Dagbladet den 12. januar 2014.
  5. Tharald Halvorsen, «Kjent Oslo-kafé stenger dørene» i borsen.no den 27. november 2020.