Bogstunnelen er ein 3482 meter lang tunnel på europaveg 39 i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom fjellet Fløyen mellom Bogen ved Vadheimsfjorden og Teigen ved Sognefjorden. Arbeidet med tunnelen starta i januar 2002, og han vart opna 11. juni 2004. Tunnelen erstatta eit rasfarleg vegparti. Den gamle vegen hadde tre kortare tunnelar. Bogstunnelen er bygd etter vegnormalen T9, dvs. at han har eit tverrsnitt på ni meter.[2]

Bogstunnelen
VegE39 (Sogn og Fjordane)
Lengd3 482
Trafikk2 080 (2023)[1]
Opna2004
Kart
Bogstunnelen
61°10′45″N 5°46′25″E / 61.17916667°N 5.77361111°E / 61.17916667; 5.77361111

Den gamle Bogstunnelen (636 m) på gamlevegen ved Vadheimsfjorden er omdøypt til «Flotenestunnelen».[3]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Trafikkdata Ev39 Bogstunnelen». Statens vegvesen. 
  2. «Bogstunnelen større enn Noreviktunnelen». Høyangerportalen, Ytre Sogn. 2. mars 2012. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 9. september 2012. 
  3. «Tunnelnamn i Høyanger kommune». Høyanger kommune. Arkivert frå originalen 21. april 2005. 

Bakgrunnsstoff endre