Bohem
Bohem (frå det franske namnet på Böhmen, Bohême) viser til nokon som lever eit ubunde, ukonvensjonelt liv, gjerne som kunstnar, radikal eller liknande.

Omgrepet bohémien viste opphavleg til franske sigøynarar, som var komne til landet gjennom Böhmen. På 1800-talet blei omgrepet også teke i bruk om målarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar som slo seg ned i sigøynarområde og levde fattigsleg, men «fritt» frå borgarlege konvensjonar. Denne tydinga av ordet blei utbreidd gjennom Scènes de la vie de Bohème (1848) av Henri Murger, som gav inspirasjon til Puccini-operaen La bohème (1896).

«Bohem» blei også brukt om kunstnarkretsar andre stader, i Noreg om Kristiania-bohemen. Også her blei namnet kjend gjennom ei bok, Fra Kristiania-bohêmen (1885) av Hans Jæger. Ni «Bohêmbud» tilskrivne Jæger er også godt kjende frå denne tida.
Anna bruk av ordet Endra
Bohemene vart på 1960-talet eit kallenamn på Vålerenga Fotball, på bakgrunn av den uhøgtidelege stilen og dei kjappe replikkane som kjenneteikna dette miljøet.
Sportspubben Bohemen i Oslo blei oppretta i juli 1998 med utgangspunkt i supportarmiljøet rundt Vålerenga.
Kjelder Endra
- «bohem» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bohem» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2008.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bohemianism» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2010.