Bokmålsordboka er ei ordbok over bokmål utarbeidd ved Seksjon for leksikografi og målføregransking på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Ho er tilgjengeleg som gratis nettordbok ved nettstaden til Universitetet i Bergen, som overtok drifta frå Universitetet i Oslo i september 2016.[1]

Bokmålsordboka kom ut parallelt med Nynorskordboka i 1986 etter at ein hadde arbeidd med dei sidan 1974. Reviderte utgåver kom i 1993, 2004 og 2005. Ordboka blei lagt ut på nett i 1994,[2] og ho kom som app (Ordbøkene) i 2017.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser offisiell rettskrivning og bøying og har med uttaleopplysingar, ordsoge, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Universitetet i Bergen overtek ordbøkene, arkivert frå originalen 17. september 2016 
  2. Jan Hoel (2010), «Edle årganger i ny tapning», Språknytt 3 

Bakgrunnsstoff endre