Boko Haram er ei islamistisk militant gruppe frå Nigeria som er kjend for ei rekkje åtak på offentlege og sivile i Nigeria sidan 2009. Hausakallenamnet «Boko Haram» kan omsetjast til 'vestleg utdanning er forboden'. Det eigentlege namnet til gruppa er Jama'atu Ahlis Sunna Lidda'awati wal-Jihad, 'Folk vigd utbreiinga av Profeten si lære og jihad'.[2]

جماعة أهل السنة للدعوة والجهاد
'Folk vigd utbreiing av Profeten si lære og jihad'
Skipa2002
LeiarAbubakar Shekau (frå 2009)
Mohammed Yusuf (2002-2009)
IdeologiWahhabisme

Salafi-jihadisme

Sunni-muslimsk fundamentalisme
MedlemmerFrå nokre hundre til over 9 000[1]

Bakgrunn endre

 
Kart over Nigeria. Maiduguri er avmerkt i nordaust.

Boko Haram oppstod i Maiduguri, delstatshovudstaden i Borno nordaust i Nigeria, i 2002.[3] Her skipa den religiøse leiaren Muhammad Yusuf eit senter som omfatta ein moské og ein tilknytt koranskule. Her samla følgjarar seg rundt eit islamsyn som sa at alle delar av det vestleginspirerte samfunnet er forbodne i islam (haram) - både utdanning, politikk, val og bruk av vestlege klede som bukse og skjorte. Gruppa danna eit mål om å danna ein eigen muslimsk stat der slike reglar kunne følgjast.[2]

Boko Haram tok etterkvart i bruk valdelege middel, og i 2009 stod gruppa bak ei rekkje åtak i Maiduguri. Måla deira kunne vera offentlege bygningar, politifolk, politikarar, kristne og muslimske geistlege frå andre tradisjonar og einkvar som kritiserte dei. Typisk gjekk dei til åtak med skytevåpen frå motorsyklar.[2] Dei nigerianske styresmaktene slo ned opprøret, og Yusuf blei drepen.[2]

Opptrapping endre

I staden for å forsvinna, omorganiserte Boko Haram under ein ny leiar, Abubakar Shekau. Medan gruppa opphavleg hadde hatt lokalt fokus, blei ho no meir internasjonalt retta. Offensiven frå dei nigerianske styresmaktene førte til at Boko Haram-leiarar flykta til Mali, der dei knytte band med al-Qaida i muslimske Maghreb (AQIM).[1] Gruppa har også søkt tilflukt i Sambisa-skogen ved grensa til Kamerun.[2]

Boko Haram utvida åtak til større delar av nordlege og tilmed sentrale Nigeria, som hovudstaden Abuja. Dei har utført bombeåtak på busstoppar, kyrkjer, utestader, militærleirar, politistasjonar og SN sitt hovudkvarter i Nigeria. I 2010 blei gruppa sett på USA si terroristliste.

I 2013 erklærte presidenten i Nigeria, Goodluck Jonathan, unntakstilstand i dei nordaustnigerianske delstatane Borno, Yobe og Adamawa.[2] I tida som følgde auka talet på drepne i konflikten, medan den nigerianske hæren verka ute av stand til å slå ned gruppa.[4]

 
Den ramponerte skulen i Chibok der Boko Haram kidnappa over 200 elevar.

I 2014 utførte Boko Haram to åtak på kostskular og bortførte jenter som var elevar der. Det første åtaket fann stad i Yobe i mars. Deretter kidnappa gruppa over 200 jenter i Chibok i april. Gruppa oppgav at ho ville behandla jentene som «krigsbytte».[2]

I november utførte Boko Haram 27 åtak som til saman drap minst 786 menneske. Eit bombeåtak på Den store moskeen i Kano under fredagsbøna 28. november drap 120.[5]

I desember 2014 melde BBC at opprørsgruppa skulle ha kontroll over eit område på rundt 20 000 km².[6] Den nigerianske hæren hyrte lokale folk til militsar og lukkast saman med dei å ta tilbake fleire område.[7]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Al-Qaeda map: Isis, Boko Haram and other affiliates' strongholds across Africa and Asia». 12 June 2014. Henta 1 September 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Farouk Chothia, «Who are Nigeria's Boko Haram Islamists?», BBC News (20 May 2014)
  3. «Nigeria: Boko Haram Resurrects, Declares Total Jihad», allafrica.com (14 August 2009)
  4. «Letter from Africa: Finger-pointing over Boko Haram», BBC News (4 December 2014).
  5. «Jihadism: Tracking a month of deadly attacks». BBC. 11 December 2014. Henta 12 December 2014. ; «Boko Haram Kano attack: Loss of life on staggering scale». BBC. 30 November 2014. Henta 12 December 2014. 
  6. Andrew Walker, «Why Nigeria has not defeated Boko Haram», BBC News (14 May 2014).
  7. Will Ross «Boko Haram crisis: Among the vigilantes of north-east Nigeria» BBC News (3 December 2014).

Bakgrunnsstoff endre