Bolsjoj Ljakhovskij
Bolsjoj Ljakhovskij eller Store Ljakhovskij (russisk Большой Ляховский остров) er den største av Ljakhovskijøyane og høyrer til øygruppa Nysibirøyane i Laptevhavet nord i Russland. Ho har eit areal på 4600 km² og det høgaste punktet er Emy Tas på 270 meter over havet.
Bolsjoj Ljakhovskij | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Ljakhovskijøyane | ||
Areal | 5 157 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Bolsjoj Ljakhovskij 73°26′00″N 142°00′00″E / 73.433333333333°N 142°E | |||
Wikimedia Commons: Great Lyakhovsky Island |
Vest på øya ligg halvøya Kigiljakhhalvøya.
Sørvest for øya ligg ei mindre øya kalla Ostrov Khopto-Terer.
Baron Eduard von Toll fann i permafrosten restar av piletre og bein frå utdøydde pattedyr som skulderbein frå ein sabeltanntiger.
Klima
endreDet står ein vêrstasjon på Kapp Sjalaurova, som ligg på sørkysten av øya ved 73º 11' N 143º 56' E. Frå april 1994 til september 2000 hadde stasjonen i snitt 184 mm nedbør i året. Det meste av denne nedbøren kjem mellom juni og september. Middeltemperaturen i same periode er -13,6 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -31,0 °C og august er den varmaste med 2,4 °C. Den lågaste døgnmiddeltemperaturen som er målt er -40,5 °C og den høgaste 9,4 °C (Meyer et al. 2002).
Vegetasjon
endreVegetasjonen på Bojsjoj Ljakhovskij er ei blanding av gras, tundravegetasjon og mose. Desse plantene dekkjer om lag 40-80 % av øya. Ein finn òg små mengder kratt og torvmyr.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Great Lyakhovsky Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Conservation of Arctic Flora og Fauna (CAFF) Kart #1. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.
- Digby, B., 1926, The Mammoth og Mammoth-Hunting in North-East Siberia. D. Appleton og Company: New York, s. 224.
- Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
- Kropotkin, P., 1900, Review: Baron Toll on New Siberia og the Circumpolar Tertiary Flora. The Geographical Journal. vol. 16, no. 1, s. 95-98.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: