Bolvadin

Bolvadin (gammalgresk: Πολύβοτον/Πολύβοτος og latinsk: Polybotum/Polybotus) er ein by og eit distrikt i provinsen Afyonkarahisar i Tyrkia. Han ligg 1016 meter over havet og har kring 30 000 innbyggjarar (2010).

Bolvadin
by
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Afyonkarahisar
Koordinatar 38°43′N 31°03′E
Folketal 31 387 (2010)

Bolvadin
38°43′0″ N 31°3′0″ E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Bolvadin er den største byen i provinsen etter Afyon og ligg på ei stor, fruktbar slette mellom fjella Sultandağ og Emirdağ innanfor kysten av Egearhavet.

Byen vart grunnlagd særs tidleg og vart i romartida kjend som Polybotum då det vart bygd ei borg her. Han gjekk sidan til seldsjukkane og så til Det osmanske riket, då han låg ved ein strategis inngang til fjella.

Bolvadin vart okkupert av greske soldatar under den tyrkiske sjølvstendekrigen fram til september 1922.

Området er sårbart for jordskjelv.

BakgrunnsstoffEndra