Brukar:F.bendik/Bombinga av Laksevåg

Verftet som var bombemål, sentralt i biletet, i dag ein del av Bergen Group Laksevåg,
Minnesmerke over offer etter bombinga av Holen skule

60°23′28″N 5°17′16″E / 60.39111°N 5.28778°E / 60.39111; 5.28778 5°17′16″

Bombinga av Laksevåg var eit britisk bombeangrep på Laksevåg under den andre verdskrigen som førde til eit betydeleg tap av sivile liv. Onsdag 4. oktober 1944 gjekk britiske bombefly til angrep på den tyske kriegsmarinens ubåtbunker «Bruno» i Nordrevågen. Eit fåtall av desse bombane traff målet, dei fleste fall ned over den vanlege busetnaden og drap 193 sivile, derav 61 barn, ved Holen skule.

Totalt 152 fly deltok i angrepet; 93 Halifax og 47 Lancaster bombefly, og dessutan tolv Mosquito jagerbombere som eskorte. Totalt deltok over 1 000 mannskap i raidet. Klokka 09:05 gjekk luftvernsirenene på Laksevåg og Bergen, og i løpet av éin time vart totalt 1 432 bombar sloppe over Laksevåg. To av flya vart skote ned.

Ubåt-bunkeren «Bruno» og verftet på Laksevåg endre

Ubåt-bunkeren i Nordrevågen på Laksevåg var ein sentral base for det tyske ubåtvapenet, og vart av dei allierte vurdert som eit viktig mål. 11. september 1944 fekk allierte bombefly senka ein tilhøyrande flytedokk utanfor Sørevågen, og etterretningsinformasjon frå detta angrep danna grunnlag for det seinare åtak mot bunkeren. Det var likevel stor usemje innafor den allierte leiinga. Marinen ynskte for kvar og ein pris å skada det tyske ubåtvapenet, medan Bomber Command visste at luftvapenet sine bombar ikkje kunne trenga gjennom det solide taket på bunkeren, og meinte difor raidet var både nyttelaust og ville gjera store skadar på byen.[1].

Ramma område og bygningar endre

Under bombinga vart Laksevåg utsett for ein tilnærma teppebombing av heile området mellom Nygård og Damsgård. 60 hus vart totalskadd etter bombetreff og påfølgjande brann, og i underkant av 160 hus vart delvis skadd. Store delar av Laksevåg vart fraflytta etter angrepet. Særlege ramma vart busetnaden i området frå Øvre Holen og nordover mot Olderneset. I tillegg til ei rekkje privathus og forretninger vart ein del bygningar og personar hardt ramma. Til saman døydde 117 på desse tre stadane.

  • Holen skule: Den største einskildståande mengd omkomne ramma Holen skule like ved Kringsjåveien, nokon hundre meter frå ubåtbunkeren. Då flyalarmen gjekk vart elevar og personale ved skulen beordra ned i kjellaren for å søkja tilflukt. Delar av kjellaren hadde kvalitetar som tilfluktsrom, og fungerte òg som tilholdssted for Det sivile luftvern sin førstehjelpsteneste. Tre bombar slo ned i den søre halvdelen til skulebygningen. Ein 450 kilo tung bomba slo ned direkte i kjellaren som vart nytta som tilfluktsrom av to gutteklasser, deres lærarar og anna personell. 61 av totalt 350 barn på skulen vart drepne under bombinga. I tillegg omkom to lærarar, éin vaktmester og seksten personar frå Det sivile luftvern sin førstehjelpsteneste. Noko skulebarn, éin lærer og nokon andre barn vart òg drepne i sina private heim.
  • Kleivdals lêrfabrikk: På vestsida av Nordrevågen lå Kleivdals lêrfabrikk. Her hadde arbeidarane gått i tilfluktsrommet. Nokon av bombene traff direkte i tilfluktsrommet, og 36 arbeidarar omkom. Éin person vart skadd og sendt på sjukehus, men døydde få dagar seinare.
  • Bernt Iversen & Søns fabrikk: Elleve personar i det private tilfluktsrommet til Bernt Iversen & Søns fabrikk vart drepen då ein bomba traff direkte. Seks av dei drepne var mannskap på fiske- og fraktefartøyet «Eystein Orre» som lå ved kaia til fabrikken.

Ramma skip på hamna endre

  • Fire tyske ubåtar vart senka, blant dem U-228. U-228 vart heva og hugge opp av Stavanger Skibs-Ophugnings Co. AS i 1946.
  • Det tyske lasteskipet «Elisabeth Bornhofen» lå til ankers midt på Puddefjorden (mellom Nordnes og Laksevågsneset). Fleire av flya gjekk til angrep, skipa vart treft av fleire bombar, tok fyr og sokk på 75 meters djup. Av besetninga på 26 vart seks redda.
  • Den tyske taubåten «Deutschland II» vart senka.
  • Det tyske lasteskipet «Bärenfels» lå og lossa kol ved K71-kaia i Solheimsviken då det den 14. april 1944 vart senka av britisk miniubåt ved hjelp av tidsinnstilte bombar («Operation Guidance»). Senkinga var ei feiltaking, då målet var flytedokka ved Bergen Mekaniske Verkstad. Vraket lå på grunt vann 4. oktober, og vart ytterlegare skadd i flyangrepet. Det vart etter dette liggjande brekt i to delar. Forskipet vart heva av Br. Anda sommaren 1945 og hugge opp i Stavanger. Norsk Bjergningskompani heva akterskipet hausten 1947 og slepte det til Hauglandsosen på Askøy for opphugging på staden, men det sokk der før var ferdig hugge opp.
  • Hurtigruteskipet «Kong Harald» tilhøyrande Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab lå ved verftet på Laksevåg. Det fekk store skadar, men vart reparert.
  • Lokalrutebåten «Radøy» tilhøyrde Alversund & Manger Dampbaatlag L/L, men hadde vore rekvirert av tyskarane sidan hausten 1940. Den 4. oktober lå den i Kyrkjebukta på Laksevåg og vart senka i flyangrepet. Vraket vart liggjande på grunt vann til sommaren 1945 då den vart hevd og hugge opp.
  • Det norske lasteskipet «Sten» lå ved kai ved Bergen Mekaniske Verkstader på Laksevåg då flya angreip. «Sten» vart treft og sokk. Vraket vart hevd rundt juletider 1945 og hugge opp i Stavanger av Stavanger Skibs-Ophugnings Co. AS.
  • Det norsk fraktefartøy og snurpar «Eystein Orre» frå Ålesund lasta tomfat ved Bernt Iversen & Søns bøttefabrikk på Laksevåg då flya angreip. Besetninga på åtte søkte tilflukt i land, to i tilfluktsrom og seks i maskinhallen til fabrikken byggd i betong. Ei bomba fall gjennom taket i maskinhallen og drap alle der, medan dei to i tilflukstrommet overlevde. «Eystein Orre» fekk berre mindre skadar.

Etterspill endre

Den allierte bombingen av Laksevåg var i mange år etter krigen lite kjent, på trass av dei store sivile tapstall.

Etterbruk av Bruno endre

Bunkeren var vorte bygd av russiske krigsfangar i perioden 1941-1944 som ein hovudbase for vedlikehald og reparasjon av ubåtar for tyskarane. Den består av inntil 4 meter tjukk betong. Til trass for at dei allierte fekk inn fleire fulltreffere på bunkeren, vart den berre lettare skadd. Bunkeren eksisterer framleis, og er i dag hovudverkstad for dei seks norske ubåtane av Ula-klassa, slik at dei til kvar og ei tid har verkstadshøve uavhengig av dei sivile verkstadene og med svært høg beredskap dersom ein båt skulle måtta ha «nødhjelp». Dette er ein moderne verkstad med fasilitetar på nesten alle område innan elektro, mekanisk, torpedo og hydraulikk, og har òg eigen motorverkstad. Ein hentar òg bistand frå sivile firma.

Minnesmerke endre

 
Minnestein over tilsette ved Kleivdal lêrfabrikk som omkom under bombingen av Laksevåg 4. oktober 1944.

Det er sett opp fleire minnesteinar eller minnesmerke på Laksevåg for å minna dei som vart drepe under 2. verdskrig.

  • Minnetavle ved Nygård kyrkje - Stor koparplate med 250 namn på personar som vart drepe frå 1940-1945.[2]
  • Minnelund ved Nygård kyrkje - Minnelund til minne om dei daude ved Holen skule. Inkluderer ein bronseskulptur utforma av Åre Mæland. Skulpturen viser eit barn som minnest sina daude kameratar. Stod ferdig i 2011.[3]
  • Skulptur i Kringsjåveien - Minnestad for alle frå Laksevåg som døydde i krigshandlingar frå 1940-1945. Skulpturen "Vaknande ungdom" av Sofus Madsen vart avduka i 1962. Den viser ein liggjande gut med ei hand i vêret. Rundt skulpturen er det ein minnelund. Minnelungen er ved byrjinga av Johan Berentsens veg.[4]
  • Minnestein ved Laksevåg industrihus - Minnesten med namn på tilsette ved Kleivdals lêrfabrikk som omkom under bombingen av Laksevåg 4. oktober 1944. Denne stenen er skadd og i dårleg forfatning (vanskeleg å lesa). Denne stenen skal verta opp pussa og flyttast til Sivilforsvaret sin minnelund i Kringsjåveien.
  • Sivile Luftvern Minnesmerke - Minnestøtte frå 1947 sat opp av Sivilforsvaret. Står ved Kringsjåveien 97, i parken på motsett side av vegen frå Holen skule. Til minne om 16 medlemmar av det Sivile Luftvern som vart drepe under bombingen 4. oktober 1944.[5]
  • Minnesten ved Holen skule - Minnesmerke for dei 61 skuleborna som omkom under bombingen av Laksevåg.

Litteratur endre

  • Laksevåg Kulturhistoriske Samskipnad: Tragedien i Laksevåg, 1994
  • Kirkebok for Laksevåg 1944, DÅ/SAB
  • Lensmannen i Laksevåg: Innberetning om melde dødsfall, SAB
  • Kjell Fossen: Laksevågs historie, 1991
  • Sigurd Frichsen: Vi reiste oss igjen. Eit 60-årsminne, 2004
  • Åre Lyngvi: Bombar over Laksevåg", 1991
  • Åre Lyngvi: Alarm, -Dagbok for Bergen under andre verdskrig
  • Laksevåg Kulturhistoriske samskipnad: Tragedien i Laksevåg (hefte), 1994
  • Ingebjørg Jensen: Bombar over barneskulen(tegneseriebok med faktadel), 2006
  • Ingebjørg Jensen/Sverre Pedersen (Studio Regin):Sår som aldri lækjast (DVD), 2005
  • Dag Bakka jr.: Byen ved dei sju hav, 1998
  • Erik Bakkevig: Skipsforlis i Bergensleden, 2005
  • Vibeke Løkkeberg: Allierte, 2007
  • Bernt Ove Hjelle: Fiskebåtar frå Borgund, Sula og Ålesund 1920-2010, 2010

Referansar endre

  1. «Mytene må gravlegges». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Henta 21. september 2018. 
  2. «Minnetavle over falne fra Laksevåg 1940-1945». digitaltmuseum.no (på norsk bokmål). Henta 24. juli 2018. 
  3. «– Vi glemmer dere aldri». www.ba.no (på norsk). 5. oktober 2011. Henta 24. juli 2018. 
  4. «Google Maps». Google Maps (på norsk). Henta 24. juli 2018. 
  5. «Google Maps». Google Maps (på norsk). Henta 24. juli 2018. 

Eksterne lenkjer endre

Denne artikkel bygger på nb:Bombingen av Laksevåg på Wikipedia på bokmål 21. september 2018