Booker T. & the M.G.'s

(Omdirigert frå Booker T. and the MG's)

Booker T. & the M.G.'s er eit amerikansk instrumentalt R&B og soul-band som blei skipa i 1962 i Memphis i Tennessee av Booker T. Jones (orgel, piano), Steve Cropper (gitar), Lewie Steinberg (bass) og Al Jackson jr. (trommer). I 1965 blei Steinberg erstatta med Donald «Duck» Dunn, som var med i bandet til han døydde i 2012. Ein av dei best kjende låtane til gruppa er «Green Onions» frå 1962.

Booker T. & the M.G.'s

Periode19621977
1994
Aktiv1962–
SjangerR&B, instrumental rock, soul, blues
PlateselskapAtlantic Records
MedlemmerBooker T. Jones
Steve Cropper
Steve Potts
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame

Bokstavane M.G. i bandnamnet er ifølgje den offisielle forklaringa ei forkorting for Memphis Group. Ei anna forklaring er at bokstavane er henta frå bilmerket MG.

Booker T. & the M.G's blei valde inn i Rockens æresgalleri i 1992.

Historie endre

På 1960-talet var gruppa tonegjevande innan utviklinga av soul-sjangrane southern soul og Memphis-soul. Dei var husband for plateselskapet Stax Records og spelte på ei rekkje av utgjevingane til selskapet, saman med mellom anna Wilson Pickett, Otis Redding og Bill Withers. Av kjende låtar gruppa har spelt på er mellom anna «Walking the Dog», «Hold On, I'm Comin'», «Soul Man», «Who's Making Love», «I've Been Loving You Too Long (To Stop Now)» og «Try a Little Tenderness». Gruppa har også hatt fleire hitlåtar under sitt eige namn, til dømes «Green Onions», «Time Is Tight», «Hip-Hug Her» og «Hang 'Em High».

I 1970 spelte dei inn albumet McLemore Avenue, ein instrumentalversjon av The Beatles-albumet Abbey Road. Booker T. & the M.G.'s gav sitt album namn etter gata der Stax Records hadde adresse. Bandet laga også sin eigen Beatles-inspirerte versjon av albumcoveret, med bandmedlemmene som kryssa gata.

Booker T. Jones slutta i gruppa hausten 1970, og ikkje lenge etter forlét også Steve Cropper henne. Dunne og Jackson endra bandnamnet til The MG's, og fortsette saman med Bobby Manuel og Carson Whitsett. I 1973 gav The MG's ut eit sjølvtitulert album, men gruppa blei snart oppløyst på grunn av manglande suksess. I september 1975 var Dunne, Jones, Cropper og Jackson i seriøse diskusjonar om å gjenforeina det «gamle» bandet, men desse planane fekk ein brå stopp då Jackson blei drepen 1. oktober 1975.

Bandet starta opp på nytt med Dunn, Cropper og Jones med Willie Hall på trommer, før også The MG's blei oppløyst i 1977. Medlemmane i gruppa har sidan spelt saman ei rekkje gonger, før dei blei einige om ei ny gjenforeining i 1994. Sidan har dei nytta ei rekkje trommeslagarar, mellom anna Anton Fig, Steve Jordan og Steve Potts.[1]

På 1990- og 2000-talet spelte gruppa med artistar som Bob Dylan, Stevie Wonder, Johnny Cash, Eric Clapton og Neil Young.

Diskografi endre

  • 1962: Green Onions
  • 1965: Soul Dressing
  • 1966: And Now!
  • 1966: In the Christmas Spirit
  • 1967: Hip Hug-Her
  • 1968: Back to Back (konsertalbum)
  • 1968: Doin' Our Thing
  • 1968: Soul Limbo
  • 1969: Uptight (soundtrack)
  • 1969: The Booker T Set
  • 1970: McLemore Avenue
  • 1971: Melting Pot
  • 1973: The MG's (utgitt som The MG's)
  • 1977: Universal Language
  • 1994: That's The Way It Should Be

Kjelder endre

  1. Bandmedlemmer gjennom tidene Arkivert 20120126043604 på WebCite