Opna hovudmenyen

Boots Randolph

amerikansk musikar

Homer Louis «Boots» Randolph III (3. juni 19273. juli 2007) var ein amerikansk musikar som er best kjend for saksofonhitten «Yakety Sax» frå 1961 (som vart signaturlåten til Benny Hill). Randolph var ein tor del av «Nashville Sound» det meste av karrieren sin.

Boots Randolph
WIKI BOOTS RANDOLPH 2.jpg
Randolph på scenen i mars 2000
Fødd3. juni 1927(1927-06-03)
FødestadPaducah i Kentucky
Død3. juli 2007 (80 år)
DødsstadNashville
FødenamnHomer Louis Randolph III
Alias«Boots»
OpphavUSA
Sjangerpop
Instrumentsaksofon
Kjende instrumentSaksofon, trombone, vibrafon
Tilknytte artistarElvis Presley, Chet Atkins, mange andre
PlateselskapRCA Victor, Capitol, Monument
Verka somSaksofon

BiografiEndra

Randolph var fødd i Paducah i Kentucky, og voks opp i Cadiz i Kentucky, medan han gjekk på vidaregåande skule i Evansville i Indiana.[1]

Mot slutten av andre verdskrigen spelte Boots Randolph saksofon, trombone og vibrafon i United States Army Band. Etter tenesta i hæren spelte han i Dink Welch's Kopy Kats i Decatur i Illinois, frå 1948 til 1954. Han budde ei kort stund i Louisville i Kentucky, før han drog attende til Decatur for å starte si eiga gruppe. Han reiste frå Decatur i 1957.[2]

I løpet av den over førti år lange karrieren, spelte Randolph på hundrevis av stader i lag med artistar innan pop, rock, jazz og country. Han spelte på mange innspelingar med Elvis Presley og spelte på filmmusikken til fleire av filmane til Presley, mellom anna songen «Return to Sender».

Randolph spelte for Monument Records i Nashville og spelte på Roy Orbison-hitten «Mean Woman Blues» i 1963.[2] Han spelte òg på «Little Queenie» av REO Speedwagon, «Java» av Al Hirt, «Turn On Your Love Light» av Jerry Lee Lewis og «Rockin' Around the Christmas Tree» av Brenda Lee. Han deltok på mange av innspelingane til gitaristen Chet Atkins.

Som soloartist fekk Randolph fire singlar på topp 100 mellom 1963 og 1967. Den mest suksessrike av desse var «Yakety Sax», som nådde 35. plassen i 1963 og låg på lista i ni veker.[3] Randolph hadde òg suksess på albumlista til Billboard, med fjorten plasseringar mellom 1963 og 1972. Boots With Strings frå 1967 nådde 36. plassen og låg inne på lista i nesten to år.[4]

I 1977 opna Randolph ein suksessrik klubb i Nashville kalla Printer's Alley. Han var òg ofte å sjå på fjernsynsprogrammet Hee Haw.

Den 3. juli 2007 døydde Randolph på Skyline Medical Center i Nashville, etter hjerneblødning.[2] Det siste soloalbumet hans, A Whole New Ballgame, kom ut berre ein månad før, 12. juni 2007.

DiskografiEndra

AlbumsEndra

År Tittel Plassering
US
1960 «Boot Randolph's Yakety Sax» 79
1963 «Yakety Sax!»
1964 «Hip Boots!»
1965 «Boots Randolph plays More Yakety Sax!» 118
«Plays 12 Monstrous Sax Hits!»
1966 «Boots with Strings»A 36
«The Fantastic Boots Randolph»
1967 «Boots Randolph with the Knightsbridge Strings & Voices» 189
«King Of Yakety»
1968 «Sunday Sax» 76
«The Sound of Boots» 60
1969 "...with love/The Seductive Sax of Boots Randolph" 82
«Boots And Stockings» 16
«Yakety Revisited» 113
1970 «Boots with Brass» 168
«Hit Boots 1970 » 157
1971 «Homer Louis Randolph, III» 141
1972 «Boots Randolph Plays the Hits of Today» 192
1973 «Sentimental Journey»
1974 «Country Boots»B
1975 «Cool Boots»
1976 «Party Boots»
1977 «Sax Appeal»
1978 «Boots Randolph Puts a Little Sax in Your Life»
1982 «Dedication»
1983 «Yakety-Madness» (med Richie Cole)
1990 «Boots»
1992 «Boots Live»
«Christmas At Boots' Place» (med Tommy Newsom's Jazztet)
2007 «A Whole New Ballgame»
  • A «Boots with Strings» nådde òg tredjeplassen på Jazz-lista og 21. plassen på R&B-lista.
  • B «Country Boots» nådde 30. plassen på country-lista.

SinglarEndra

År Title Plassering
US US AC
1963 «Yakety Sax» 35
1964 «Hey, Mr. Sax Man» 77
1966 «The Shadow of Your Smile» 93 28
1967 «Temptation» 93 30
«Big Daddy» 105
1968 «Fred» 39
«Gentle on My Mind» 19
1970 «Anna» 111 40

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Boots Randolph» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2016.
  • Trott, Walt. (1998). «Boots Randolph.» In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. s. 428–9.
  1. Associated Press, Sax man Boots Randolph known for hit 'Yakety Sax' 4. juli 2007.
  2. 2,0 2,1 2,2 Bernstein, Adam. "'Yakety Sax' Saxophonist Boots Randolph, 80". Washington Post. 4. juli 2007.
  3. Whitburn, Joel (2000). Top Pop Singles 1955-1999. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 526. ISBN 0-89820-139-X. 
  4. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Albums - 6th edition. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 861. ISBN 0-89820-166-7. 

BakgrunnsstoffEndra