Borgundøya

(Omdirigert frå Borgundøy)

Borgundøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Vestland. Ho har eit areal på 11,4 km² og det høgaste punktet er Borgundnuten på 462 meter over havet.

Borgundøya
Geografi
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°43′27″N 05°40′49″E / 59.72417°N 5.68028°E / 59.72417; 5.68028

Areal 11,4 km²

Høgaste punkt Borgundnuten (462 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 53 (2023)
Folketettleik 4,6 /km²

Øya ligg like sør for Fjelbergøy og sørvest for Halsnøy. I nord ligg Klosterfjorden og i sør Bjoafjorden, medan Skånevikfjorden held fram austover frå austsida. Alle desse fjordane er fjordarmar av Hardangerfjorden.

Folketalsutvikling

endre
1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
200 277 106 53
  1. Folketeljing 1801 for Fjelberg prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fjelberg herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå