Borgundtunnelen
Borgundtunnelen er ein tunnel på europaveg 16 i Lærdal kommune. Tunnelen er 3053 meter lang og går mellom Øygard og Lo i Borgund forbi Vindhella.
Veg | E16 (Sogn og Fjordane) |
---|---|
Lengd | 3 053 |
Trafikk | 2 331 (2023)[1] |
Opna | 2004 |
Borgundtunnelen 61°03′20″N 7°47′41″E / 61.0556092°N 7.7947823°E |
Det første påhogget til tunnelen ved Øygard vart gjort i 2001, i samband med bygginga av Øygardsbrui (74 meter), som leiar rett inn i tunnelen. Då brua var ferdig, heldt bygginga av tunnelen fram i september 2002, gjennomslaget var i juni 2003 og tunnelen vart opna 6. juli 2004. Den erstatta eit smalt og svinga veiparti i Lærdalen. Saman med Seltatunnelen (opna 2003) korta Borgundtunnelen inn vegen med 5 km.
Sjå òg endre
Referansar endre
- ↑ «Trafikkdata Ev16 Borgundtunnelen». Statens vegvesen.
Bakgrunnsstoff endre
- Statens vegvesen: Borgundstunnelen på E16 gjennom Lærdal er opna (7. juli 2004)
- Statens vegvesen: E16 Borgundstunnelen opnar 6. juli (1. juli 2004)
- Teknisk Ukeblad: Kortere vei i Lærdal (nr. 17, 11. juni 2004, s. 31)