Borrefunnet
Borrefunnet er eit funn frå 1852 av restane av ei norsk skipsgrav frå vikingtida.

Foto: Hans A. Rosbach, 2010
Funnet vart gjort då ein grov ut ein av Borrehaugane i Vestfold fylke, som er eitt av dei største gravfelta i Noreg. I haugen låg eit skip på 17-20 meter, men av di haugen for det meste var av sand hadde det meste av tre og jernsaker i skipet og i grava vorte øydelagt. Bak i båten vart det gjort funn av mellom anna metallstykke til køyre- og rideutstyr, og bein av ein hund og tre hestar. Etter dei funne restane har ein kunne datert funnet tilbake til tidleg på 900-talet.
Sjå òg Endra
- Borrehaugane, også kalla Borreparken og Nasjonalparken
- Borrestilen, underkategori av den norrøne dyreornamentikken
Kjelder Endra
- «Borrehaugene» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Borrefunnet» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2012.