Borrehaugane

(Omdirigert frå Borrehaugene)

Borrehaugane, òg kalla Borreparken og uoffisielt «Nasjonalparken», er ein park i Horten kommune i Vestfold med ei samling gravhaugar og andre haugar frå kring år 600 til 900. Området ligg ved OslofjordenKirkebakken nedom Borre kyrkje. Det er oppretta eit historisk senter ved Borrehaugane, Midgard historisk senter.

Borrehaugane
Land  Noreg
Kart
Borrehaugane
59°22′56″N 10°28′16″E / 59.3823°N 10.4711°E / 59.3823; 10.4711
Wikimedia Commons: Borreparken
Gravhaugar i Borreparken i Horten kommune i Vestfold.
Foto: Hans A. Rosbach, 2010
Gravfeltet i parken Borrehaugene ligg like aust for Borre kyrkje i Vestfold.
Foto: Trond Strandsberg
Midgard historisk senter, eit lite museum ved parken opna 2000.
Foto: Hans A. Rosbach, 2010

Bakgrunn og omfang endre

Parken er kring 182 000 m² stor og samlinga av gravhaugar i parken er unik i Skandinavia. Ein kan i dag sjå sju store haugar og ei gravrøys. Me veit at det har vore minst to haugar til, då to haugar er vortne øydelagde i moderne tid. Det er også 25 mindre røyser i området. Nokre av gravhaugane er opp mot 45 m i diameter og 6 m høge. I 2007 vart det funne to store kongshallar frå 700- eller 800-talet like ved gravhaugane.[1][2]

Dei fyrste undersøkingane av haugane vart gjennomført i 1852. Lokale vegbyggarar brukte massane i ein av haugane som fyllmasse, og øydela store delar av ei rik grav med restar av eit vikingskip. Antikvar Nicolay Nicolaysen undersøkte restane av haugen, og fann at han inneheld våpen og rideutstyr. Dette vart difor definert som ei mannsgrav. Vidare utgravingar avdekte ei rekkje funn som i dag er utstilte på Vikingskipshuset i Oslo. Stilen på desse funna har vorte kjend som «Borrestilen», og har som særmerke bruken av dyre- og knuteornament. Nokre av dei mindre røysene vart undersøkte i 1925 og viste seg å innehalde enkle branngraver.

Professor A. W. Brøgger fekk i 1927 freda 65 mål rundt haugane og generaldirektør Sam Eyde foreslo seinare at haugane skulle samlast i ein park. Eydes grunn og Statens grunn vart slege saman til den 180 mål store parken me kjenner i dag. Gravfeltet vart innvigd som «nasjonalpark» 19. juni 1932 med 6000 oppmøtte tilskodarar, mellom dei kong Haakon og kronprins Olav. 22. april 1937 fastslo Vestfold fylkesting at nasjonalparken i Borre høyrer til Vestfold fylke og det vart avgjort at parken skulle få eit tilsyn som med tre medlemmer frå fylkeskommunen, eit frå Riksantikvaren og eit frå Universitetets Oldsakssamling.

Under andre verdskrig held Nasjonal samling fleire årlege «Borre-stevne» i parken der Vidkun Quisling talte. Dette førte til at mange etter krigen mislikte parken og dei minna han vekte.

Mellom 1989 og 1991 vart det utført nye utgravingar både i og utanfor parken. I 2007 vart magnetometer og georadar brukt til å påvise to store kongshallar kring 100 meter frå gravhaugane.

Borrehaugane viser at Borre truleg var eit maktsenter i merovingar- og vikingtida.

Midgard historisk senter, eit lite museum og forskingssenter like utanfor parken, vart opna 27. mai 2000 av dronning Sonja. Vestfold fylkeskommune eig og driv institusjonen.

Namnet på parken endre

Borreparken har tradisjonelt vorte kalla «Nasjonalparken». Namnet vart foreslege av professor Brøgger til opninga av parken i 1932. Sjølv om det aldri vart gjort noko offisielt vedtak om at parken skulle ha dette namnet, vart det eit mykje nytta namn på parken. Det offisielle omgrepet nasjonalpark vart innført fyrst i 1970 i samband med naturvernlova. Sidan Borrehaugane er eit freda kulturminne og ikkje verna på grunn av naturverdiar, kan nemninga nasjonalpark ikkje lenge nyttast i offisiell samanheng.

Litteratur endre

  • Bjørn Myhre. 2015. Før Viken ble Norge : Borregravfeltet som religiøs og politisk arena. ( I serien Norske oldfunn, band XXXI. [Tønsberg]: Vestfold Fylkeskommune. ISBN 978-82-8084-202-2

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Fant Kongsgården på Borre». Aftenposten. 5. desember 2007. Henta 5. desember 2007. 
  2. «Vikingenes kongsgård på Borre er funnet». Vestfold fylkeskommune. 6. desember 2007. Henta 6. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Borrehaugane