Bossa nova er ein musikktype som utvikla seg i Rio de Janeiro på slutten av 1950-talet. «Bossa nova» eller 'ny måte' viser til at stilen er ein ny måte å spela brasiliansk samba på; samba med jazztonar.[1]

Antônio Carlos Jobim, som er blitt kalla far til bossa nova, og tekstforfattaren Vinicius de Moraes.

Stilarten hadde ei stordomstid i Brasil frå slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet, fram til dei politiske omveltingane som enda i militærkuppet i 1964.[1] Stilarten blei svært populær også i enkelte amerikanske jazzmiljø, og fleire bossa nova-songar blei del av standardrepertoaret i jazz. Antônio Carlos Jobim, João Gilberto, Astrud Gilberto, Stan Getz, Herbie Mann, Laurindo Almeida,[1] Frank Sinatra og Ella Fitzgerald er kjente representantar for stilen.

Historie

endre

Omgrepet «bossa nova» blei fyrst brukt i songen «Desafinado» av Antônio Carlos Jobim, spelt inn av João Gilberto i 1959. Det store gjennombrotet for sjangeren kom med låten «Garota de Ipanema», også kjent som «Girl from Ipanema» i 1962. I dag er det verdas andre mest spelte låt (etter «Yesterday» av the Beatles).

På 1960-talet blei sjangeren knytt til sosial protest.[2]

Som protestmusikk blei sjangeren overskugga av den meir politisk orienterte stilarten musica popular brasileira.[1]

Musikk

endre

Det musikalske grunnlaget i bossa nova er ein gitarrytme som tar i bruk rytmiske element frå perkusjonsinstrumenta i eit sambaorkester. Spelet på basstrengene følgjer rytmen til den store surdo-tromma, medan rytmane til dei mindre sambainstrumenta (spesielt tamborim) kan kjennast att i spelet på dei lysare strengene. Når grupper med trommesett framførar bossa nova speler dei ofte ein karakteristisk rytmefigur som liknar på claves-rytmen som kantslag på skarptromma.[1]

Det harmoniske forløpet i musikken inneheld kjente jazz-progresjonar, men ofte med nokre særeigne trekk. Fleire av harmoniseringane til Jobim viser også innverknad frå impresjonismen og komponistane Debussy og Ravel.[1]

Songstilen er mjukare og meir lågmælt enn i samba, gjerne med off-beat-fraseringar som kontrasterer med det rytmiske grunnlaget. Tekstane dreier seg gjerne om venleik, kjærleik, lengsel og natur.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Bjørntoft, Bjørn Ola; Knudsen, Jan Sverre. «bossa nova». Store norske leksikon. Henta 13. juli 2023.  Fri gjenbruk
  2. Kennedy, Joyce; Michael Kennedy; Tim Rutherford-Johnson, red. (2012). «bossa nova». The Oxford Dictionary of Music. Oxford University Press.