Botanisk illustrasjon

Botanisk illustrasjon er ei form for bildekunst som går ut på å framstilla kjenneteikna til ein særskild plante gjennom å få fram utforminga, fargane og andre detaljar, ofte gjennom ulike plantestadium. Dei blir brukt i plantebøker, blad og andre medium, ofte saman med ei botanisk skildring. Botaniske illustrasjonar blir ofte brukt som hjelp til å identifisera plantar. Dei kan også brukast til rein dekorasjon. Medan illustrasjonane tidlegare var eit særs viktig hjelpemiddel innan biologisk klassifikasjon, er dei kunstnariske bilda i mange tilfelle blitt erstatta av fotografi.

Pride of California, Lathyrus Splendens avMargaret Neilson Armstrong.

Ein botanisk illustratør kan bruka fotografi som hjelpemiddel, men arbeider gjerne helst ut frå verkelege plantedøme for å få rett farge, storleikstilhøve og framsyning av oppbygginga til planten.[1]

I ein botanisk illustrasjon er det viktig å skildra dei ulike plantedelane, som blad, blome, knopp, frø, stilk og rotsystem, på ein tydeleg måte. Ein slik illustrasjon viser derfor gjerne ei idealisert form av ein plante. For å driva med botanisk illustrasjon treng ein grundig kunnskap om botanikk. I mange høve var botanikarar sjølv dyktige teiknarar.

Illustrasjon frå Codex vindobonensis.

Historie endre

Botaniske illustrasjonar har vore viktige i lang tid for å identifisera plantar, særleg for medisinsk og kulinarisk bruk. Det eldste overlevande botaniske verket med slike illustrasjonar er Codex vindobonensis, ein kopi av De Materia Medica av Dioscorides laga for den romerske keisardottera Juliana Anicia i 512.[2]

Bruken av botaniske illustrasjonar skaut fart på 1400-talet då betre trykkjemetodar gjorde at ein kunne produsera plantebøker med meir nøyaktige illustrasjonar. Nye, eksotiske plantar gjorde også slike verk meir etterspurde. Rikfolk kunne tilsetja eigne botaniske illustratørar. Dei fekk også ei viktig stilling ved botaniske samlingar og i samband med plantesamling i fjerne strøk.[2]

Nokre botaniske illustratørar endre

Bilde endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Rosie Martin, Meriel Thurstan (2012), Exotic Botanical Illustration: With the Eden Project, Batsford, s. 26 
  2. 2,0 2,1 «The Shirley Sherwood Gallery of Botanical Art», Kew Gardens website
*«De botaniske illustrasjonene» Arkivert 2016-04-16 ved Wayback Machine. (DOC), aabk.ksys.no

Bakgrunnsstoff endre