Bouyei eller buyei (eigennamn: Buxqyaix; 達斡爾族, pinyin: Bùyīzú) er eitt av dei 55 offentleg anerkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølge folketeljinga i 2000 var det 2 971 460 av dei i Kina, dei aller fleste (94 %) i provinsen Guizhou, og elles i Yunnan, Guangdong, Zhejiang og Guangxi.

Ein typisk bouyei-«steinlandsby»

Dei er kjende for at husa deira, òg taka, er bygde av stein, i motsetnad til tre som er meir vanleg blant stammefolka i kjerneområdet deira.

Utanfor Kina er det noko usemje om det er rett å skilja dei ut som eit eige minoritetsfolk. Det er berre dialektskilnader som skil språket deira frå språket til minoritetsfolket zhuang, og den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer dei politiske grensene knivskarpt.

Bakgrunnsstoff endre

.