Opna hovudmenyen

Bqarqacha, òg kalla Bkerkasha (arabisk بقرقاشا) er ein landsby i Bsharri distrikt i Nord guvernement i Libanon. Bkerkasha ligg oppom Qadishadalen.

Bqarqacha
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Koordinatar 34°14′30″ N 35°59′47″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Bkerkasha består av tre fråskilde busetnader. Hovudlandsbyen Becharri er berre busett om sommaren, og om vinteren bur dei fleste innbyggjarane i Barsa Dahr Al Ein og Jadaydet Bkerkasha i Bkeftein Koura distrikt som grenser til Tripoli i Nord-Libanon.

EtymologiEndra

I følgje ein lokal tradisjon, kjem namnet Bqarqacha frå det arameiske B'qar Qosho som tyder «særs kald». Namnet finst i historiske kjelder som Bir Auwshi بير اوشاي, eller Biir Rawshi, og under det romerske Severius-dynastiet på 200-talet, vart han kalla Bir’Kasha. Namnet har endra seg frå kanaanittisk/fønikisk til arameisk og så til arabisk, som har forvanska det opphavlege namnet.[1][2]

GeografiEndra

Landsbyen ligg 1450 meter over havet, so grensar til Qarnet El Sawda og sederskogane i Libanon. Bkerkasha ligg oppom Qadishadalen, ein verdsarvstad. Qanoubindalen til Qadisha var ei eldgammal rute frå Tripoli til Baalbeck og Hammah.

HistorieEndra

Bkerkasha har kanaanittiske og judeisk historie med mange ruinar frå tidleg i bronsealderen, mellom anna på fjellet Jirn Al Yehudi, som var eit stort heidensk kultsenter.

Patriarken Douaihy skreiv at Thacla, dottera til presten Basil av Bsharri, bygde St. Georg-kyrkja i Bkerkasha i 1211[3] (

Bkerkasha har blitt råka av fleire katastrofar i mellomalderen

  • 1526 – ei sky av grashopper øydela alle avlingane og skapte svelt.
  • november 1556 – Flaum øydela dei fleste husa og vassmøllene.
  • 1572 – Det osmanske riket innfører urealistisk høge skattar på innbyggjarane, og skapar den første bølgja med utflytting
  • 1635 – slutten av Fakhreddines-styret førte til blodige kampar i Libanonfjella, mange av innbyggjarane flykta til tryggare område.
  • 1750-1759 – Hamadeh-herskarane og mobben deira drap og rana landsbybuarane fram til alle innbyggjarane var drivne ut og erstatta av andre.

KjelderEndra

  1. Wilds, Stephan (1977). Historisch-topographische Bemerkungen zu Stefan Wilds 'Libanische Ortsnamen',» La Toponymie antique: Acts de colloque de Strasbourg. Leiden. s. 14–16, 75–82. 
  2. Kushke, A. Libanon : Orte mit Namen kanaanäischer Herkunft (Entwurf : A Kushke; techn. Ausfuhrung: U. Muller. s. 81, 175. 
  3. Duwayhī, I., & Tawtal,, Tawil F. (1951). Tārīkh al-azminah, 1095-1699. : (på arabisk). Bayrūt: al-Matbaaah al-Kāthūlīkīyah. OCLC 23523055.