Brahmaputra er ei av dei store elvane i Asia, om lag 2 900 km lang. Ho renn frå den autonome regionen Tibet i Kina, gjennom Arunachal Pradesh og Assam i nordaustre India, og deretter tvers gjennom Bangladesh. Der møter ho Ganga og munnar ut i Bengalbukta som Gangesdeltaet, det største elvedeltaet i verda. Elva er ei mykje brukt transportåre. Dei nedre delane er ei livsviktig vasskjelde for bønder, og er heilage for hinduar. Flaumane i elva kan samstundes vera ofselege og dødelege. Brahmaputra er ei av få store elvar som har ei tidvassbølgje.

Brahmaputra
elv
Yarlong Tsangpo i Tibet.
Foto: Luca Galuzzi
Land  Kina,  Tibet  India,  Bangladesh
Nedslagsfelt 583 000 km²
Lengd 2 896 km
Middelvassføring 48 160 /s
Kjelde Jima Yangzong, sørvest i Tibet
 - høgd 6 000 moh.
Munning Bengalbukta
Kart
Brahmaputra
26°12′03″N 91°44′49″E / 26.200722222222°N 91.746833333333°E / 26.200722222222; 91.746833333333
Wikimedia Commons: Brahmaputra

Geografi endre

Brahmaputra har utspring i isbreen Jima Yangzong (Chemayungdung) 5 590 moh. i sørvestre Tibet. Ho renn austover gjennom den sørlege delen av landet, mellom fjellkjedene Himalaya i sør og Nyainqêntanglha i nord. Brahmaputra buktar seg rundt Namjagbarwa før ho skjer gjennom Himalaya i ein elvedal som er rekna som den djupaste i verda.[1][2]

Brahmaputra renn sør gjennom Arunachal Pradesh og går deretter vestover, på langs gjennom Assam i det som blir kalla Brahmaputradalen. Ho svingar sørover og kryssar grensa til Bangladesh, der ho både deler seg og renn saman med andre store elvar før desse saman dannar det mektige Gangesdeltaet.

Elva har eit nedslagsfelt på 583 000 km².[3] Ho har gjennomsnittleg ei breidde på 10 km som hovudsakleg varierer mellom 3 km og 18 km, sjølv om ho berre er 1 km brei ved Hajo i Assam.[4]

Det finst fleire elveøyar i Brahmaputra, der Majuli i Assam er den største. I deltaet oppstår ein type øy kalla tsjår ved at sandbankar blir bygde opp og forsvinn etter å ha blitt slitne ned av elva. Også landet rundt blir påverka av det stadig skiftande elveløpet.

 
Kart over løpet til Brahmaputra.
 
Satellittbilete av elveløpet til Brahmaputra, frå nord i Tibet, rundt Himalaya, vestover i Assam og sør i Bangladesh.


Oversyn over elveløpet
Lokalt elvenamn Retning Byar Sideelvar og delingar
Tibet i Kina
Tsangpo Aust
 

Zhabdün Lülung
Quxar
Zhaxigang

Elva tek til med tre småelvar: Kubi, Angsi og Jima Yangzong
      Raga Tsangpo renn inn frå venstre
    Xigazê Nyang Chu renn inn frå høgre
    Ramai
  Nord Doxong La-sa (Kyi) renn inn frå venstre, nær Xoi
  Sør Qarasa  
    Chatang

Zêtang
Nangxian

      Ni-yang (Gyamda) renn inn frå venstre
    Geling
Arunachal Pradesh i India
Siang   Jido

Miging

Dihang   Pasighat
Assam i India
Bor Noi,
(Borha) Luit
Sørvest Sadiya Lohit og Dibang
Brahmaputra   Saikhoa Ghat

Dibrugarh

Skil ut Kherkutia som nordre løp. Dei to renn saman igjen etter 100 km.
  Narjan

Tezpur
Dalgaon
Mangalda

Fleire elvar frå Himalaya: Subansiri, Kameng, Bhareli, Dhansiri, Manas, Champamati, Saralbhanga og Sankosh.

Frå åsar og platået i sør: Burhi Dihing, Disang, Dikhu og Kopili.

    Guwahati   Vest
  Sør Goalpara

Chapar
Dubhuri

Bangladesh
Bromhoputro   Kurigram
  Chilmari

Pacch Elasin
Byar ved Gamle Brahmaputra:
Jamalpur
Mymensingh
Gararan

Tista renn inn frå høgre

Elva blir delt i to som Djamona (store, vestre del) og Gamle Brahmaputra

    Bhairab Bazar Gamle Brahmaputra møter Meghna
Djamona  

Gaibanda
Simla Monohar
Sirajgani

Baral, Atrai, Hurasagar renn inn.

Dhaleswari skil seg ut

Padma Søraust   Møter Ganga (kalla Padma i Bangladesh) og får namnet Padma.
  Sør-søraust Faridpur Møter Dhunagada
    Barisal

Noakhali
Dhali Gaurnagar

    Chandpur Møter Meghna og er kjend under dette namnet.
Gangesdeltaet munnar ut i Bengalbukta

Historie endre

Brahmaputra skiftar stadig løp, og rann på 1700-talet søraust gjennom Bangladesh. Eit jordskjelv og ein fælsleg flaum i 1787 førte til dagens retning rett sør i to delar. Den vestre delen tok til å grava ein kanal ved den litle elva Konai-Jenai før dei rann saman som dagens Djamona i 1810. Den austre delen, Gamle Brahmaputra, var eit tidlegare elveløp som ei tid hadde vore uttørka.

Dei øvre delane av elva var lenge uutforska, og det var først ekspedisjonar i 1884 og 1886 som slo fast at Brahmaputra i Britisk India og Tsangpo i Tibet var den same. På byrjinga av 1900-talet leita ein lenge etter ein veldig foss som skulle høyra til ei elv som mister høgde frå 3000 til 100 moh. utan å finna nokon.

Natur endre

 
Siv som dette, kash, veks langs store delar av elva.
Foto: Auyon

Elva har svære, fuktige elvesletter (jheel) der det veks høge sivskogar. Vanlege fiskeslag i elva er barramundi (Lates calcarifer, på bengali betki) pabda (Ompok-artar), ruhi (Labeo rohita), knivfisk (Chitala) og mrigal (Cirrhinus cirrhosus).[5]

Nasjonalparken Kaziranga langs elvebreidda er eit viktig verneområde for det sjeldne indiske nashornet og andre dyr, som elefantar, tigrar, leopardar og bøffel.

I Gangesdeltaet ligg mangroveskogen Sundarbans, eit viktig område for plante- og dyreliv der ein mellom anna finn bengaltiger.

Kultur endre

Namn endre

I Tibet er elva kjend som Yaluzhangbu eller berre Tsang-po (‘Reinsande’) på tibetansk eller Yarlung Zangbokinesisk. Ho heiter Siang i Arunachal Pradesh, Dihang i Assam, medan innbyggjarane i Brahmaputradalen kallar henne Bor Noi, ‘Storelv’, eller (Borha) Luit, ‘(Gamle) Raudelv’ (sanskritisert som Lauhitya) på grunn av den raudlege fargen ho får av jorda under regntida. I Bangladesh er den største delen av elva kjend som Djomuna (eller Jamuna, som ikkje må forvekslast med indiske Yamuna). Internasjonalt er heile elva best kjend under sanskritnamnet Brahmaputra, ‘son av Brahma’. Det mannlege namnet skil seg ut i eit område der elver vanlegvis har kvinnelege namn (t.d. Ganga, Sarasvati).[6][7] Elva går over til å heita Padma etter møtet med elva av same namn, og Meghna etter neste store elvemøte.

Religion endre

Brahmaputra spring ut nær Kailasafjelllet, som er heilagt for hinduismen, buddhismen, djainismen og den tibetanske bön-religionen. Tibetanarane kallar henne mellom anna «mor-elva».

Innan hinduismen finst det fleire myter om korleis Brahmaputra kan vera sonen til Brahma. Kalika-purana frå 900-talet fortel til dømes at han blei fødd som sonen til vismannen Shantanu og kona Amogha, og plassert mellom dei fire fjella Kailasa, Gandhamadana, Jarudhi og Sambaka som ei vasskjelde til glede for himmelske skapningar og menneske.[8]

 
Uthola kano og stake er ein av måtane ein kan kryssa elva på.
Foto: Philipp Roelli

Det finst ei rekke tempel langs breiddene av elva, til dømes Kamakhyatempelet nær Guwahati. Ei soge seier at om ein ikkje går opp trappene til dette gudinnetempelet vil ein måtte kryssa Brahmaputra sju gonger.[8] Umanandatempelet på elveøya Umananda, eller Peacock Island, nær Gauhati er eit Sjiva-tempel frå 1600-talet.[9]

Elveøya Majuli er eit viktig senter for Visjnu-sekta starta av Srimanta Sankardeva på 1400-talet. Det har vore opptil sekstifem kloster drivne av denne sekta på øya, seinare redusert til tjueto.[10]

Hinduar tilber òg Brahmaputra ved å dukka ned i henne, særleg i samband med høgtider som djanmasjtami.

Litteratur endre

Den assamesiske diktaren Bhupen Hazarika, inspirert av vennen Paul Robeson , skreiv ein indisk versjon av «Ole Man River» tileigna Brahmaputra.[11] Songen er seinare blitt omsett frå assamesisk til bengali og tileigna Ganga.

Samfunn endre

 
Kvinner vaskar grønsaker og tek oppvasken i elva ved Matlab.
Foto: Anwar Huq

Elva pregar livet til dei som bur langs henne, på godt og vondt.

Flaum endre

Under regntida kan elva ta med seg 14 200 kubikkmeter vatn per sekund i India og Bangladesh.[12] Ho flaumar over nesten årleg, og kan endra løp slik at mykje jord går tapt. Samstundes legg ho òg igjen jordmassar ho har ført med seg.

Elva har hatt storflaumar i Brahmaputradalen i 1954, 1962, 1966, 1972, 1974, 1978, 1983, 1986, 1988, 1996, 1998 og 2000.[13] Etter hendinga i 1954, som blei særleg alvorleg på grunn av jordmassar frigjevne av eit tidlegare jordskjelv i 1950, tok ein til å bygga dike og prøvde andre flaumtemjande middel. Desse har hjelpt i noko mon, men dårleg vedlikehald, auka erosjon på grunn av snauhogst i fjella og dei stadige verknadane av jordskjelvet i landmassane gjer at flaumane i elva framleis truger både liv og eigedom.

Ferdsel endre

 
Ferje på Brahmaputra i Tibet.
Foto: Ignat

Store delar av Brahmaputra blir brukt som ferdselsåre, sjølv om det ikkje går an å reisa opp heile løpet frå munningen. Om lag 650 km er farbare i Tibet, og har lenge vore brukt av både store ferjer og tradisjonelle skinnbåtar laga av jakskinn spent over ei bambusramme.[14]

Frå Dibrugarh i Assam kan ein sigla på elva 110 mil til endes, og både lokale båttypar og moderne skip er blitt brukte til det meste av transport, inkludert olje og tømmer.

I Tibet er det bygd fleire hengebruer over elva. Nede i slettelandet blei den første brua, for tog og vegtrafikk, bygd i 1962 nær Gauhati. Ei bilbru blei opna nær Tezpur i 1987. I Bangladesh er framleis ferje den einaste måten å kryssa elva på.

Straum endre

Ein har bygd nokre demningar i Assam for å utvinna vasskrafta i Brahmaputra. Kinesiske framlegg om å demma opp elva har skapt uro i landa som ligg nedstrøms.

Bakgrunnsstoff endre

  • Tiziana og Gianni Baldizzone: Brahmaputra (1998)
  • H.P. Das: Geography of Assam (1970); The Brahmaputra Beckons (1982)
  • B.C. Law (red.): Mountains and Rivers of India (1968).
  • R.L. Singh (red.): India: A Regional Geography (1971)
  • Mark Shand: River Dog (2002)
  • Jere Van Dyk: «Long Journey of the Brahmaputra» National Geographic, 174(5):672–711 (november 1988).

Kjelder endre

  1. «Canyonlands of Tibet and Central Asia» Arkivert 2007-04-25 ved Wayback Machine. frå canyonsworldwide.com canyonsworldwide.com].
  2. «The New Largest Canyon in the World» frå 100gogo.com
  3. Banglapedia og R. Ramesh, G. R. Purvaja og V. Subramanian: «Carbon and Phosphorus Transport by the Major Indian Rivers», Journal of Biogeography (1995). I følgje Store Norske Leksikon er feltet større, 670 000 km².
  4. Banglapedia
  5. Sjå fleire fiskeartar på Mongabay.com
  6. rediff.com «Assam’s annual sorrow»
  7. «Geography of Assam» Arkivert 2007-04-06 ved Wayback Machine. på assamlook.com
  8. 8,0 8,1 India map, arkivert frå originalen 8. oktober 2007, henta 28. mai 2007 
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. juni 2007, henta 28. mai 2007 
  10. «Majuli» på engelsk Wikipedia
  11. Sanjoy Hazarika: «Bard of the Brahmaputra» frå www.south-asia.com Arkivert 2007-06-09 ved Wayback Machine.
  12. Encyclopaedica Britannica
  13. Dulal C. Goswami: Flood Forecasting in the Brahmaputra River, India: A Case Study Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.
  14. «Old ferryboats in Tibet» Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på en.tibet.cn

Generelle kjelder