Bredtvet kyrkje

kyrkje i Oslo

Bredtvet kyrkje er ei kyrkje som står på Bredtvet i Groruddalen, i Oslo aust. Kyrkja ligg rett ved Bredtveit kvinnefengsel.

Bredtvet kyrkje
Bredtvet kirke
Bredtvet kyrkje
Foto: C. Hill
Kyrkjesamfunn Den katolske kyrkja i Noreg
Bispedøme Oslo
Stad Bredtvet
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Carl Corwin
Material Laminert tre kledt i tegl
Innvigd 1977
Tårn Har 12 klokker og høve for klokkespel
Preikestol I stein
Døypefont I stein
Altartavle Av Else Hagen
Orgel Frå Grönlunds orgelbyggeri
Sitjeplassar 600
Kart
Bredtvet kyrkje
59°56′49″N 10°51′34″E / 59.946825°N 10.85932°E / 59.946825; 10.85932
Wikimedia Commons: Bredtvet kirke

Historikk endre

I 1817 vart Bredtvet gard kjøpt av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, opphavsmannen til bedehusrørsla i Noreg. Hauge moderniserte gardsdrifta her ved m.a. å innføra vassleidningar på garden, og dreiv Bredtvet til han døydde i 1824.[1]

Soknet Bredtvet kyrkjelyd vart oppretta i 1966, og det vart no behov for eiga kyrkje i området. Tomta til Hauge-garden vart donert til føremålet, Carl Corwin stod som arkitekt og det ferdige kyrkjebygget vart innvigd i 1977. Ein obelisk av Hans Nielsen Hauge vart også reist rett ved kyrkja. På obelisken er eit bilete av ansiktet til Hauge, med teksten: «Jeg har svoret Guds aand lydighed og han har hjulpet mig til at blive mit forsæt tro.»[1]

Kyrkjebygget endre

Kyrkjetårnet står så tett på kyrkja at dei ser ut til å vera bygde ihop. Tårnet har teglkledde veggar mot nord og sør, medan det har opne sider mot aust og vest. Klokkestøyperiet Olsen Nauen installerte klokkespelet i tårnet i 1977. Instrumentet består av 12 klokker som kan spelast på ved hjelp av eit elektrisk klaviatur. Dei to største klokkene blir også nytta som kyrkjeklokker til ringing og kiming. Klokkespelet er jamleg brukt, stort sett til salmespeling i samband med høgmessene på sundagar. Olsen Nauen monterte eit tilsvarande klokkespel i Rødtvet kyrkje året etter.

 
Kyrkjetårnet.
Foto: C. Hill, 2007.

Altartavla i kyrkja er laga av Else Hagen og framstiller «Liv og død». Preikestolen og døypefonten er begge laga i stein. Orgelet er frå Grönlunds orgelbyggeri.

Bredtvet kyrkje er eit kulturminne og har nummer 83945 i kulturminnebasen hjå Riksantikvaren.[2]

Utleige eller sal av kyrkja endre

I 2012 kom det opp forslag i Oslo bispedømeråd om å slå saman sokn i Groruddalen. Grunngjevinga var at behovet for kyrkjer i dalen ikkje er like stort lenger av di mange av innbyggjarane her tilhøyrer andre religionar. I tillegg foreslo bispedømerådet å fristilla spesifikt Bredtvet kyrkje til utleige eller sal, noko Den katolske kyrkja i Noreg har synt interesse for.[3] Kyrkjelyden har allereie late den katolske kyrkja få leiga lokala deira.

Eitt av dei viktigaste motargumenta mot fristilling, er at Bredtvet kyrkje har ei kulturarv etter den lutherske forkynnaren Hans Nielsen Hauge, og at det difor ikkje vil vera i tråd med den historiske arva å fristilla nett denne kyrkja til andre trussamfunn. Haugianarane engasjerte seg òg i skjebnen til kyrkja, og ein av dei direkte etterkomarane etter Hauge, Kyrre Alexander Bjerke, involverte seg sterkt i saka.[1] Soknerådet og sokneprest Bjørn David Haraldsen har sendt brev tilbake til bispedømerådet der dei argumenterer for å "La Bredtvet leve".[4]

Kyrkjelyden hadde investert mykje i kyrkja gjennom eigne midlar som arv, utleigeinntekter og innsamlingar. I juni sendte misjonsorganisasjonen Normisjon også eit brev til bispedømerådet der dei beklaga nedkuttinga av kyrkjer i Groruddalen, og føreslo difor å overta ei kyrkje i dalen for å kombinera drifta med skulesatsing. Normisjon nemnte særskilt at idéane kom fram etter at nyheitssaka om Bredtvet kyrkje kom ut i media. Bredtvet kyrkjelyd stilte seg positivt til forslaget, men bispedømerådet har ikkje gjeve svar til Normisjon.[5] Trass i innhenting av advokat[6] førte ikkje protestane fram. Siste ordinære gudsteneste i Bredtvet kyrkje vart halden 30. desember 2012. Dette er ein del av større endringar i Den norske kyrkja i Groruddalen.[7]

Kjelder endre