Bregnar

gruppe av plantar, vanlegvis ein klasse
Bregnar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Cronquist, Takht. & W.Zimm., 1966

Bregnar (Polypodiopsida) er ein klasse av karsporeplantar.

Skildring og systematikk endre

Desse plantene har store, ofte trekanta blad. Mange av bregnane har innrulla blad fram til dei veks fullt ut. Dei formeirer seg ved hjelp av sporar som vanlegvis blir til på undersida av blada.

Bregnane har generasjonsveksling, med ein sporofyttgenerasjon og ein gametofyttgenerasjon. Den grøne planta er sporofyttgenerasjonen, og er ofte fleirårig. Gametofyttgenerasjonen er som regel ikkje uavhengig av sporofytten, men sit som eit lite utskot på sporofytten. Hjå somme artar veks gametofytten under jorda og er saprofyttisk.

I Noreg finst det 42 viltveksande artar av bregnar.

Fylogenetikk endre

 
Fylogenetisk tre som viser slektskap og kladar av bregneplantar. Eigentlege bregnar over den stipla linjen. Latinske namn på kladar til venstre, namn på familiar i midten, deretter namn på orden og klasse heilt til høgre. Namna byggjer på seinaste konsensus etter Pryer et al 2004 og Smith et al 2006, side 708.

Moderne studiar (Smith et Al, 2006) anerkjenner 4 klassar (Psilotopsida; Equisetopsida; Marattiopsida; Polypodiopsida), 11 ordenar og 37 familiar av bregneplantar.

Inndelinga er delvis klarlagd ved hjelp av fylogenetiske analysar og er gjengitt i hierarkisk skrivemåte], slik:

Bregneplantar
(Monilophytes)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre